Historisk arkiv

No skal fleire antibiotikaresistente bakteriar bli meld inn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

No må veterinærar og laboratorium gje beskjed til Mattilsynet når dei finn antibiotikaresistente bakteriar og MRSA hjå dyr. Endringane gjeld frå 1. juni 2019

Veterinærarar og laboratorium sitt arbeid er viktig for å få ei betre oversikt og sjå om det er endringar av antibiotikaresistente bakteriar hjå dyr i Noreg. Dersom ein veterinær sender inn prøvar av antibiotikaresistente bakteriar til utlandet, må veterinæren melde funnet til Mattilsynet. Dersom laboratorium har isolat av bakteriar skal dei, om Mattilsynet ber om det, sende isolata til Veterinærinstituttet. Veterinærinstituttet er det norske referanselaboratoriumet for antibiotikaresistens hjå bakteriar frå dyr.

Veterinærinstituttet forsker på antibiotikaresistente bakterier.
No skal fleire antibiotikaresistente bakteriar bli meld inn til Mattilsynet. Foto: Landbruks- og matdepartementet.