Historisk arkiv

Nøkkelgruppa for e-valet utnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I dag fekk medlemane i den såkalla nøkkelgruppa kvar sin del av den totale kodenøkkelen som trengs for å starte oppteljinga av stemmene frå e-val-forsøket. Dei må ta vare på kvar sin del av kodenøkkelen til vallokala stengjer 12. september. – Ein svært viktig funksjon, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I dag fekk  medlemane i den såkalla nøkkelgruppa kvar sin del av den totale kodenøkkelen som trengs for å starte oppteljinga av stemmene frå e-val-forsøket. Dei må ta vare på kvar sin del av kodenøkkelen til vallokala stengjer 12. september. – Ein svært viktig funksjon, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Veljarane i ti kommunar kan gje sine røyster til kommunestyre- og fylkestingsvalet i haust på Internett. Nøkkelgruppa består av representantar frå ulike parti og dei skal ta vare på kvar sin del av den totale kodenøkkelen fram til vallokala stengjer 12. september.

- Me er opptekne av at norsk valgjennomføring skal vere moderne og framtidsretta innanfor våre demokratiske tradisjonar. Ved å auke tilgjenge, gjev me fleire veljarar høve til å røyste. Det er årsaka til at Stortinget har gått inn for å prøve ut røysting via Internett, seier Navarsete.

- Tryggleik rundt forsøket er avgjerande viktig for at veljarane skal ha tillit til valgjennomføringa. Her har nøkkelgruppa ei viktig rolle, seier Navarsete.

Ingen kan lese resultata av vala i forsøkskommunane utan at medlemane av nøkkelgruppa trer saman att på valdagen og tek med seg kvar sin del av den totale kodenøkklen for å starte oppteljinga av vala. Nøkkelgruppa består av ni representantar frå ulike politiske parti, i tillegg til ein representant frå Akershus fylkeskommune.

- Desse ti personane er ei moderne utgåve av systemet som blei brukt for å lagre hemmeleg informasjon allereie i oldtida i Hellas: Når grekarane ønskte å lagre hemmeleg informasjon, skreiv dei han inn på ei leirtavle som dei deretter knuste i småbitar. Så oppbevarte dei alle bitane på forskjellige stader. Først når alle bitane blei samla på nytt, blei løyndomen deira leseleg att, seier Navarsete. - I dag brukar me datamaskinar og pinkodar i staden for leirtavler, men prinsippa er dei same.

Det er veljarane i Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund som får prøve ut elektronisk val på internett.

• Medlemmane av Nøkkelgruppa
• Meir om e-val
• Bilder fra sermonien på Flickr

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Nøkkelgruppa e-val

Tirsdag 2. august fikk nøkkelgruppa til e-valg-forsøket hver sin del av den totale kodenøkkelen som må til for å lese av resultatene av e-valg-forsøket. Statsråd Liv Signe Navarsete understreket hvor viktig tillit til valggjennomføringen er. Foran fra venstre: Statsråd Liv Signe Navarsete, Marie Sneve Martiniussen (Rødt), Hanne Bjerknes (Høyre), Reidun Wiebe Jacobsen (Kristelig Folkeparti) og Kjartan Almenning (Venstre). Bak fra venstre: Bjørn Eriksen (Arbeiderpartiet), Oddvar Igland (Senterpartiet), Marianne Nordli (Fremskrittspartiet), Hans Børte (Akershus fylkeskommune), Per Østvold (Sosialistisk Venstreparti) og Bjørn Chr. Borch (Kystpartiet). (Kommunal- og regionaldepartementet, Agnar Kaarbø)