Siste frist til å nominere din kandidat til Kulturlandskapsprisen 2018

Kjenner du nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet? Då kan du nominere dei til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2018. Fristen for å nominere din kandidat er 1. april.

Det er Norsk Kulturarv som har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen, og som i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet kårar det beste prosjektet. Kulturlandskapsprisen har blitt delt ut sidan 2007. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Prisen stimulerer til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel. Formålet er både å auke kunnskapsnivået og å bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet. Samstundes som den bidrar til å bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhold til kulturlandskapsverdiar.

Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark mottok Nasjonal kulturlandskapspris i 2015.
Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark mottok Nasjonal kulturlandskapspris i 2015. Foto: Fylkesmannen i Telemark