Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Nordisk ministermøte om flyktningspørsmål i Molde

Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp) er onsdag vert for eit nordisk ministermøte om flyktningspørsmål i Molde.

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit informasjonsforum kor landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområdet, mellom anna retur og gjenbosetting. NSHF møtast to gongar i året, i eit embetsmøte og eit kombinert ministermøte/embetsmøte.

På møtet i Molde deltek statsrådar og embetsverk frå Sverige, Danmark, Island, Finland og Noreg.

Tid: Onsdag 18. september kl. 12.30 – 13:30
Stad: Hotell Scandic Seilet, Molde.
Oppmøte: kl. 12.30

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bjørklund, 41 28 69 11

Til toppen