Historisk arkiv

Møte i Nordisk ministerråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i 2017, og frå 2. til 4. mai er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vert når dei nordiske landa set inkludering i skule og barnehage - og førebygging av radikalisering på dagsorden.

Møte i Nordisk ministerråd

Dei nordiske utdannings- og forskingsministrane skal mellom anna diskutera utdanning og danning, kritisk tenking og refleksjon i skulen i ei tid med meir polarisering og ekstremisme. 

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo
Tid: 4. mai kl. 10:00 – 16:00 

Konferanse om inkludering og demokratisk medborgarskap

Kunnskapsdepartementet har invitert til ein nordisk konferanse om barnehagen og skulen som sentrum for inkludering og demokratisk medborgarskap. Deltakarar frå heile Norden blir samla for å diskutere demokrati og inkludering, korleis førebyggje radikalisering, hatytringar og polarisering.

Nordisk samarbeidsminister Frank Bakke-Jensen opnar konferansen. 

Stad: Scandic Hotel St. Olavs plass, Oslo
Tid: 2. mai kl. 13:00 – 3. mai kl. 15:30
#norden2017 #unginorden