Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Nordre Tyrifjorden og Storelva naturreservat vedteke i statsråd

Det nye Nordre Tyrifjorden og Storelva naturreservat har unike og truga naturtypar med stor verdi for plante- og dyreliv, og spesielle naturformasjonar knytte til elveløpa og våtmark.

Det nye reservatet tek opp i seg fem eksisterande reservat i området, men om lag 70 prosent av arealet er heilt nye verneområde. Av dette er store delar verna for å kompensere for natur som vil bli øydelagd av den planlagde utbygginga av E16 og Ringeriksbanen.

- Vi vernar no ein type natur som er særs verdifull. Våtmarka her er eit viktig økosystem og leveområde for mange dyr og plantar, særleg fugl. Regjeringa vil leggje til rette for auka bevaring av slik våtmark, og etableringa av Nordre Tyrifjorden og Storelva naturreservat er ein oppfølging av dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Sjå kart over områda her

Det nye naturreservatet er på totalt 11 191 dekar (om lag 1600 fotballbanar). Det tek opp i seg fem allereie eksisterande naturreservat, samt areal som vart foreslått verna i samband med Verneplan for Tyrifjorden i 2018. I tillegg kjem 709 nye dekar såkalla kompensasjonsvern. Dette er kompensasjon for tap av naturmangfald ved utbygging av Ringeriksbanen og E16. Ein liten del (2,7 dekar) av Synneren naturreservat er teke ut av verneområdet fordi det vil bli øydelagt når dei planlagde samferdselsprosjekta blir bygd. Synneren og dei fire andre naturreservata som innlemmast har status som Ramsarområde. Desse blir derfor rekna som våtmark av særskild verdi for verda etter den internasjonale Ramsar-konvensjonen.

- Eg er glad for at vi no får på plass ein økologisk kompensasjon for tap av naturmangfald til utbygginga av Ringeriksbanen og E16, og at endringa er i tråd med reglane i Ramsarkonvensjonen, seier Rotevatn.

Det meste av naturreservatet er område som vart foreslått verna i samband med Verneplan for Tyrifjorden. Den verneplanen  vart vedteken i 2018. Men nett naturreservatet rundt Storelva og Nordfjorden vart sett på vent fordi det kom i konflikt med traséen som var under planlegging for Ringeriksbanen og ny E16.

Til toppen