Historisk arkiv

Noreg betaler 530 millionar for redusert avskoging i Indonesia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Etter 10 år med hardt arbeid går avskoginga i Indonesia ned. Utsleppa frå avskoging og skogforringing i Indonesia var lågare i 2016-17 enn i tiåret før. Difor vil Noreg no for første gong betale inntil 530 millionar kroner for dei gode resultata.

I år feirar Noreg og Indonesia 70 år med diplomatisk samarbeid. Og sidan 2010 har Noreg og Indonesia samarbeidd for å redusere Indonesias utslepp frå avskoging, skogforringing og øydelegging av torvmyr. Ein uavhengig tredjepart har no stadfesta landets resultat for skogåret 2016-17.

Rapporten slår fast at Indonesia - som husar den tredje største regnskogen i verda - har redusert utsleppa med omtrent 17 millionar tonn CO2. Dette svarer til ein tredel av alle årlege utslepp frå Noreg.

Banebrytande

-Dette er banebrytande. Indonesia har tatt store og viktige steg. Skog- og arealbrukreformene til president Joko Widodo og miljø- og skogbruksminister Siti Nurbaya gir imponerande resultat, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

-Dette er gode nyheiter for Indonesia, for verda og for partnarskapet vårt. Indonesia har no alle moglegheiter til å halde fram med å levere ytterlegare redusert avskoging, og vi er glade for å gjere dei første resultatbaserte utbetalingane og gå inn i ein ny fase av partnarskapet, seier statsråden.

Utbetalinga er den første stadfestinga av at dei to landa har fullført dei to første fasane av partnarskapet og har gått inn i den resultatbaserte fasen, som kunngjort i 2019. Utrekninga av Indonesias resultat er baserte på felles avtalte reglar.

Nyleg publiserte tal frå den indonesiske regjeringa indikerer at avskoginga har halde seg på same nivå eller lågare i 2017-18 og 2018-19.

Oppmuntrande

-Dette er oppmuntrande. Desse tala vil, viss og når dei blir stadfeste, vere grunnlaget for ytterlegare resultatbaserte utbetalingar frå Noreg til Indonesia. Då kan vi - dersom Indonesia held fram med å levere dei næraste åra - oppfylle løftet vårt frå 2010 på 6 milliardar kroner, seier Rotevatn.

Indonesia jobbar for å ferdigstille etableringa av miljøfondet til regjeringa (BPDLH), som vil vera Indonesias offisielle kanal for å få resultatbaserte betalingar. Fullstendige utbetalingar vil skje når fondet blir operativt og ein tilskotsavtale blir signert, noko som etter planen vil skje i haust.

Indonesia og Noreg jobbar òg tett for å bli samde om eit rammeverk for framleis samarbeid utover 2020 gjennom eit tillegg til intensjonsavtalen frå 2010, for å gi partnarskapet retning og endå større ambisjonar inn i perioden som gjeld for Parisavtalen.

Resultatbasert betaling

Det høgaste talet på utsleppsreduksjonar Indonesia kan påskjønnast for av Noreg og andre bidragsytarar er 11,2 mill. tonn CO2, etter fråtrekk på 35% for uvisse, andre risikofaktorar og Indonesias eigen klimaambisjon, som avtalt mellom dei to landa. For resultatåret 2016-17 vil Noreg levere resultatbasert betaling for alle tilgjengelege resultat. Prisen er 5 USD per tonn CO2 av dei reduserte utsleppa, til saman 530 millionar kroner (56 millionar USD) til Indonesia.

Les meir