Historisk arkiv

Noreg del av europeisk løft for vassmiljøet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Minst ein fjerdedel av vassførekomstane i Noreg er ikkje i god nok økologisk og kjemisk stand. Kongen i statsråd har i dag vedteke ein proposisjon der Stortinget oppmodas til å seie seg samd i at EU sitt rammedirektiv for vatn tas inn i EØS-avtala. Dette følgjer at det må setjas i verk nye gjeremål for betre vasskvalitet i Noreg.

– Vedtaket er ein milepæl og stadfestar Regjeringas ambisjonar om å sikra eit enda betre vassmiljø, seier miljøvernminister Erik Solheim.

Rammedirektivet fastsetter ambisiøse miljømål og sett store krav til kunnskap om miljøtilstanden og gjennomføring av miljøtiltak. Direktivet er allereie nedfelt i norsk rett gjennom vassforskriften, som speilar direktivet sine krav og legg opp til ein samla og systematisk innsats for å verne og betre alt vatn.

Situasjonen er atskilleg mørkare elles i Europa. I land som Nederland, Storbritannia og Danmark vil 98, 75 og 70 prosent av vassførekomstane krev nye miljøtiltak. Ungarn og Tsjekkia har og massive utfordringar. Bere Kypros, Luxemburg og Romania kjem betre ut enn Noreg. Difor er det forståeleg at EU i lang tid har trukke fram vassforvaltningen som éin av fellesskapet sine store utfordringar.

- Rammedirektivet vil være Europa sitt viktigaste verktøy for vern av vassmiljøet, og gjennomføringen i Noreg vil krevje betydelig innsats og ressursar i årene framover, seier Erik Solheim.

Informasjon om direktivet og Noregs oppfølging finn du på vannportalen.no.