Noreg gir 15 millionar kroner til klimatilpasning

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Noreg gir over bistandsbudsjettet 15 millionar kroner til klimatilpasning i utviklingsland. Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft lova pengane då ho i Warszawa i dag fekk underskrifter frå kirkelege organisasjonar.

Noreg gir over bistandsbudsjettet 15 millionar kroner til klimatilpasning i utviklingsland. Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft lova pengane då ho i Warszawa i dag fekk underskrifter frå kirkelege organisasjonar.

Pengar til klimatiltak i utviklingsland er eit sentralt tema i klimaforhandlingane som pågår i Warszawa denne veka. Kirkens Nødhjelp, Changemaker og KFUM/KFUK leverte i dag over 2000 underskrifter for å få Noreg til å gi pengar til at utvikllingslanda kan førebu seg på klimaendringane,

Sundtoft fekk applaus frå organisasjonane då ho kunne presentere nyhenda om at Noreg no over bistandsbudsjettet gir 15 millionar kroner til tilpasningsfondet under Kyotoprotokollen.

Klima- og miljøvernministeren sa på seansen med organisasjonane at Noreg gir mykje pengar kvart år til klimatiltak i utviklingsland.

-Vi er ein av dei største bistandsytarane globalt. I år blir det opp mot seks milliardar kroner over bistandsbudsjettet. Det meste har gått til tiltak for å redusere utslipp frå mellom anna regnskogen og energisektoren, men mykje går også til tilpasning til klimaendringar, sa Sundtoft.

Pengane som Noreg no gir til klimatilpasningsfondet vil vere eit viktig bidrag i klimaforhandlingane.

Fakta:

  • Tilpasningsfondet blei oppretta som ein del av Kyotoavtalen, og finansieringa er direkte knytta til den grøne utviklingsmekanismen (CDM) gjennom ei avgift på to prosent av prisen på CDM-kvoter som overførast direkte til tilpasningsfondet.

  • Sviktande etterspurnad og låge prisár på CDM-kvoter har ført til at finansieringskjelda til tilpasningsfondet har tørka inn.

  • På grunn av det sviktande markedet for CDM-kvotar kom styret i februar i år med ei oppfordring til land om å gi direkte støtte til fondet

  • Tidlegere har Spania og Sverige gitt pengar til fondet.

  • Tilpasningsfondet har norsk styreleiar, Hans Olav Ibrekk.

  • Så langt har CDM-kvoter generert om lag 188 millionar dollar. Den årlege inntekststrømmen til fondet er forventa å vere omlag 20 millionar dollar i året fram til 2020.

  • Fondet har delt ut 165 millionar dollar til tilpasningsprosjekt i 2011 og 2012.
Tine Sundtoft
Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft fekk underskrifter frå kirkelege organisasjonar for å få Noreg til å gi pengar til at utvikllingslanda kan førebu seg på klimaendringane (Foto: Jon Berg/Miljøverndepartementet)