Historisk arkiv

Noreg gir lån til Latvia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa la i dag fram ein proposisjonen til Stortinget om fullmakt til å inngå ein avtale om lån på 378 mill. euro frå den norske staten til den latviske staten, knytt til Latvias IMF-program. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarer det om lag 3 mrd. norske kroner.

Regjeringa la i dag fram ein proposisjonen til Stortinget om fullmakt til å inngå ein avtale om lån på 378 mill. euro frå den norske staten til den latviske staten, knytt til Latvias IMF-program. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarer det om lag 3 mrd. norske kroner.

Bakgrunnen er at Latvia 23. desember 2008 inngjekk ein avtale om eit stabiliseringsprogram med Det internasjonale valutafondet (IMF) for å handtere ei akutt finans- og betalingsbalansekrise. Krisa kom etter fleire år med til dels kraftig økonomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den latviske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom hausten 2008 og tilgangen på kapital tørka ut. Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisere den makroøkonomiske situasjonen i landet..

I samband med at IMF-styret behandla programmet, gav Danmark, Finland, Noreg og Sverige i fellesskap lovnad om lån til Latvia på til saman 1,8 mrd. euro, med første utbetaling i 2010. Det vart teke atterhald om godkjenning i dei respektive nasjonalforsamlingane. Det samla lånebehovet under Latvias stabiliseringsprogram er sett til 7,5 mrd. euro over programperioden fram til utgangen av 2011. IMF dekkjer sjølv om lag 1,7 mrd. euro av dette. EU på fellesskapsnivå er den største bidragsytaren med 3,1 mrd. euro i lån. I tillegg gav Verdsbanken, EBRD, Estland, Tsjekkia og Polen lovnader om lån på til saman 0,9 mrd. euro, slik at det samla finansieringsbehovet vart dekt.

På same måte som i arbeidet med støtte til Island, har Regjeringa lagt stor vekt på eit tett nordisk samarbeid om støtte til Latvia. Dei nordiske långivarlanda samarbeider om lånevilkår og vil inngå ein avtale som sikrar byrdefordelinga ved eit eventuelt misleghald. I tillegg deltek Estland i dette samarbeidet. Frå nordisk side legg ein opp til at Latvia i all hovudsak får same lånevilkår som Island.

Les proposisjonen her