Historisk arkiv

Noreg og Færøyane einige om kvoteavtale for 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Eg er glad for at vi har fått kvoteavtalen med Færøyane for 2008 på plass, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet. Han understrekar at vidareføringa av ein høg norsk botnfiskkvote i færøysona er særleg viktig for norsk fiskerinæring.

- Eg er glad for at vi har fått kvoteavtalen med Færøyane for 2008 på plass, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet. Han understrekar at  vidareføringa av ein høg norsk botnfiskkvote i færøysona er særleg viktig for norsk fiskerinæring.

Den norske botnfiskkvoten i færøysk sone for 2008 er noko høgre enn i 2007. Dei norske kvotane i færøysk sone i 2008 er: lange/blålange 2.525 tonn, brosme 1.847 tonn, sei 105 tonn og andre arter 891 tonn (som tidlegare).

Den færøyske kvoten på torsk i Barentshavet er auka med 54 tonn til 1.854 tonn i 2008. Den færøyske kvoten på hyse går opp med 143 tonn til 1.340 tonn og kvoten på sei aukar til 1.500 tonn  kommande år.

Den færøyske kvoten på sild i Nordsjøen vert redusert frå 671 tonn i 2007 til 442 tonn i 2008, og den færøyske kvoten på sei i Nordsjøen vert redusert frå 600 tonn til 487 tonn i 2008.

Den norske kvoten på makrell i færøysk sone vert redusert til 1.625 tonn i 2008. Den færøyske kvoten av makrell i norsk sone vert redusert til 1.143 tonn i 2008. Færøyane sin kvote på hestmakrell er sett til 1.000 tonn.

Kolmulekvoten til Færøyane i NØS er sett til null, samtidig vert den norske kvoten i færøysk sone redusert til 15.060 tonn.

 

Kontaktperson: Underdirektør Ann Kristin Westberg 22 24 64 46

PROTOKOLL fra DRØFTELSER MELLOM NORSKE OG FÆRØYSKE MYNDIGHETERI OSLO 11. - 12. DESEMBER 2007, OM GJENSIDIGE FISKERETTIGHETER I 2008