Noreg og Færøyane einige om kvoteavtale for 2016

- Eg er nøgd med at Noreg og Færøyane er einige om kvoteavtale for 2016, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Det er viktig å oppretthalde eit godt bilateralt samarbeid med våre kyststatar.

Forhandlingsleiarane Ann Kristin Westberg (Noreg) og Andras Kristiansen (Færøyane)
Forhandlingsleiarane Ann Kristin Westberg (Noreg) og Andras Kristiansen (Færøyane)

Kvoteavtalen er i volum på same nivå som i 2015. Likevel er makrellkvoten som Noreg får av Færøyane redusert med 15 prosent. Denne reduksjonen er kompensert med auke i kvotar på botnfisk.

Norske fartøy kan fiske 2 000 tonn lange/blålange, 1 700 tonn brosme, 567 tonn sei og 800 tonn andre artar. Noreg får ein makrellkvote på 4 369 tonn i 2016. Denne kvoten kan fiskast både i Færøyenes farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.

Til gjengjeld får Færøyane fiskekvotar i Barentshavet. Færøyane kan fiske 4 121 tonn torsk, 900 tonn hyse, 800 tonn sei og 200 tonn andre artar.