Noreg og Færøyane er einige om kvoteavtale

Noreg og Færøyane vart i dag einige om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte i 2017.

- Eg er glad for at fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Færøyane held fram og at vi blitt einige om ein avtale for 2017, seier statssekretær Ronny Berg. 

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 000 tonn lange/blålange, 1 700 tonn brosme, 567 tonn sei og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 4 979 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 410 tonn torsk, 1 025 tonn hyse, 500 tonn sei og 200 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone. 

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 4 000 tonn torsk og 350 tonn hyse, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 34 800 tonn av den norske kolmulekvoten for 2017 i færøyske farvatn.