Noreg sin reiselivsstrategi er pensum på Harvard

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Noreg sin nasjonale reiselivsstrategi er nå obligatorisk pensum på det amerikanske eliteuniversitet Harvard University.

Det er på Harvard sitt kurs for masterstudentar Pursuing Sustainability in the Travel & Tourism Sector at det norske reiselivsstrategien, som vart overrekt Nærings- og fiskeridepartementet i mai i år, er sett på pensumlista. Harvard meiner denne strategien er eit godt døme på korleis ein destinasjon kan ta ei strategisk tilnærming til berekreftsatsinga. Studentane på Harvard kjem frå alle kantar av verda, og målet er å få reiselivsnæringa til å auke farten på sitt arbeid med berekraft og levere på FNs berekraftsmål.

– I Hurdalsplattformen varslar regjeringa at det skal bli utvikla ein nasjonal plan for reiselivsnæringa, med særskilt fokus på berekraftig utvikling, seier landbruks- og matminister Sandra Borch. – Regjeringa vil lansere eit eige pilotprogram for eit berekraftig reiseliv, som stør opp om lokal natur-og miljøforvaltning, og utsleppsfrie reiser til og frå norske reisemål, seier Borch.

Landbruket gir genuine og opphavelege opplevingar

Landbruks- og matdepartementet har gjennom mange år arbeidd systematisk med å utvikle bygde- og gardsturismen. I 2017 vart det utarbeidd ein strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar: Opplevingar for ein kvar smak.

I strategien for Matnasjonen Noreg er ambisjonen å gjere Noreg til ein internasjonalt kjent matnasjon, med råvarer og gourmetmat i verdsklasse.

– Mat er kultur og identitet, og kan skape gode opplevingar. Mat er difor ein viktig del av det mangfaldige og opplevingsbaserte reiselivet vi skal tilby framtidas turistar i Noreg, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

– Folk etterspør i aukande grad det genuine og opphavelege, seier Borch. – Turistane ønskjer seg eit større mangfald av kulturelt innhald, mat og drikke. Få, – om nokon, er betre i stand til å gje folk dette enn landbruket og reindrifta. Koronaen har gitt auka interesse for dei mindre og nisjeprega reiselivsverksemdene som kan gje folk god plass, personleg vertskap, famileopplevingar og ikkje minst lokal tradisjonsmat. Under koronaen har folk verkeleg oppdaga  Noreg som ferieland! seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Landbruks- og matminister Sandra Borch
Landbruks- og matminister Sandra Borch. Foto: NTB Kommunikasjon / Statsministerens kontor