Noreg vertskap for uformelt nordisk statsministermøte

Noreg har i 2017 formannskapen i Nordisk ministerråd og statsminister Erna Solberg er vertskap for sine nordiske statsministerkollegaer i Bergen 29. og 30. mai.

Dei nordiske statsministrane Bjarni Benediktsson, Stefan Löfven, Juha Sipilä, Lars Løkke Rasmussen og Erna Solberg skal diskutere mellom anna vidareutviklinga av Norden som verdas mest integrerte region, kampen mot ekstremisme, Norden og FN. Omstilling, digitalisering og klima vil òg stå på dagsorden.

Journalistar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg seinast tysdag 23. mai kl. 12. Akkreditering kan ordnast ved å sende påmelding til: smkinfo@smk.dep.no

Utdrag frå programmet:

Måndag 29. mai: Båt til Cornelius sjømatrestaurant utanfor Bergen for det nordiske statsministermøtet. Deretter blir det pressekonferanse. På ettermiddagen har Finland ei mottaking på Bergenhus festning i samband med den finske 100-års markeringa.

Tysdag 30. mai: Båt til Havforskningsinstituttet på Austevoll for orientering om instituttet og berekraftig forvalting av havet. Deretter vil det nordiske statsministerinitiativet, Nordic Solutions to a Global Challenge, lanserast. Initiativet er en sentral del av den nordiske responsen til FNs bærekraftsmål. Det vil bli en presseanledning i etterkant av lanseringen. Dagen avsluttast med et møte mellom dei fem statsministrane og leiaren for sjølvrådstyresmaktene på Åland, nordisk råds president og generalsekretæren i nordisk ministerråd på Bekkjarvik Gjæstgiveri.

Pressekontaktar:

Noreg: Kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, mobil: +47 909 38 987
Island: Pressekontakt Sigurður Már Jónsson, Tel: +(354) 545 8400
Finland: Kommunikasjonssjef Anne Sjöholm, telefon, +358 40 537 0733
Sverige: Pressekretær Ingela Nilsson, telefon, + 46 (0)72-551 41 16
Danmark: Pressesekretær Sabrina Drevsfeldt Theil, telefon, +45 61985080