Historisk arkiv

Kronikk:

Kronikk: Noreg viser veg i kampen mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tenk deg at du får ein hissig infeksjon. Eit sår som ikkje gror og berre veks seg større og større. Du vert lagt inn på sjukehus og blir behandla med antibiotikum. Ingenting ser ut til å fungere og du blir berre dårlegare og dårlegare. Bakterien du har fått i kroppen har utvikla motstandskraft mot antibiotikum og ingen medisin kan gjere deg frisk.

For friske menneske verkar framleis antibiotikum i dei fleste tilfelle. Dei siste åra har vi likevel sett framvekst av fleire og fleire bakteriar som har utvikla motstandskraft mot antibiotikum.  Dei er antibiotikaresistente.

I dag går vi ut i frå at 25 000 menneske døyr kvart år som følgje av slike bakteriar berre i Europa.

Årsakene til denne resistensen er rett og slett at vi bruker for mykje antibiotikum og at vi bruker dei feil. Dess meir vi bruker og feilbruker, dess betre vilkår for bakteriane til å utvikle seg. Det er difor avgjerande at vi får ned bruken. Dette gjeld både til bruk på menneske og dyr. Desse bakteriane kan smitte mellom dyr og menneske. Det vil si at utfordringane med antibiotikaresistens hjå våre husdyr blir eit problem for menneska. Difor står heile landbruksnæringa bak ein strategi der vi skal få ned bruken i landbruket.

Handlingsplan mot antibiotikaresistens

Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for åra 2015 til 2020. Dei overordna måla i strategien er mindre bruk av antibiotikum, auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotikum og vaksinar. Vi har sett som mål mellom anna å redusere bruken av antibiotikum til husdyra med minst ti prosent og bruken av antibiotikum til kjæledyr med minst 30 prosent samanlikna med bruken i  2013 .

Av omsyn til folkehelsa har vi i norsk landbruksnæring ein offensiv strategi for å få ned bruken av antibiotikum til husdyr. No lanserer eg ein handlingsplan for landbruks- og matdepartementet sin sektor. Viktige tiltak er å halde fram arbeidet med at Noreg, som det einaste landet i Europa, unngår at svinehaldet har eit reservoar for resistente bakteriar. Vidare vil vi greie ut forskriftskrav om testing av røktarar og andre som har kontakt med svin, styrke tilsynet med veterinærane sin bruk av antibiotikum til produksjons- og kjæledyr og reservere enkelte kritiske antibiotika til menneske. 

Vi har òg sett av omlag 50 millionar kroner til forsking knytt til antibiotikaresistens innanfor vårt ansvarsområde sidan hausten 2013.

Situasjonen i Noreg er særs god

Det er ein klar samanheng mellom høg bruk av antibiotikum og førekomsten av resistens. Bruken av antibiotikum og førekomsten av resistens i husdyrhaldet i Noreg er blant dei aller lågaste i verda. Den heldige situasjonen skuldast mellom anna god helse hos dyr som fører til mindre behov for antibiotikum og restriktiv praksis hos veterinærane når det gjeld bruk. I tillegg har vi ei ansvarsfull og dyktig husdyrnæring og godt samarbeid mellom dyrehelse- og folkehelsestyresmaktene. 

Offensiv strategi mot resistente bakteriar i svinehaldet

Vi har ein særs ambisiøs strategi for å hindre at resistente bakteriar får fotfeste i norsk svinehald. Mattilsynet gjer pålegg om avliving og smittesanering i besetningar der bakterien vert påvist. Eg har stor forståing for at den enkelte husdyrhaldar opplever det som ei påkjenning. Det er likevel avgjerande at denne jobben blir gjort.

Regjeringa har etablert ei kompensasjonsordning for deler av produksjonstapet ved antibiotikaresistens hos svin. Vi har og nyleg sendt på høyring forslag om forbetringar av erstatningsordninga.

Antibiotikaforbruket til kjæledyr er urovekkjande høgt

Vi har hatt ein auke i bruken av antibiotikum til kjæledyr på 19 prosent frå 1995 til 2014. Kjæledyr får ofte same type antibiotikum som menneske, så det er særs viktig at vi får ned bruken når vi veit at resistente bakteriar kan overførast mellom kjæledyr og menneske.

Internasjonalt samarbeid

Utfordringar knytt til antibiotikaresistens må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Temaet står difor høgt på dagsorden når vi møter representantar frå andre land i ulike internasjonale fora. Dei er mektig imponert både over status i Noreg og dei ambisiøse måla vi har satt oss. Noreg og Island er dei landa i Europa som brukar minst antibiotikum i landbruket. Det er ein fyrsteplass eg har tenkt til at vi skal halde på.

Handling no

Eg er bekymra for den globale utviklinga når det gjeld antibiotikaresistens. Eg vil ikkje ha ei framtid kor infeksjonar som i dag vert rekna som ufarlege, igjen kan verta eit alvorleg helseproblem og ein hyppig dødsårsak. Landbruksnæringa tek sin del av ansvaret for at dette ikkje skal skje.  

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale