Historisk arkiv

Noreg i ny leiarrolle i NATO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Noreg underteikna denne veka ein avtale om å spele ei leiande rolle i NATO sitt arbeid for betre styresett. Det nylege etablerte Senter for integritet i forsvarssektoren i Oslo er no Department Head for iverksettinga av NATO sine trening- og utdanningsplanar innafor alliansens Building Integrity program.

Bilete ved underteikninga i Brussel. Frå venstre: Direktør Bård Bredrup Knudsen, Senter for integritet i forsvarssektoren, ambassadør Vegard Ellefsen, Norges faste delegasjon til NATO, viseadmiral Javier Gonzalez-Huix, Allied Command Transformation og ambassadør Thrasyvoulos Terry Stamatopoulos, assisterande generalsekretær i NATO.

-Eg er svært nøgd med at NATO spurde Noreg om å ta på seg dette ansvaret, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, og held fram at ho er stolt over at Senter for integritet i forsvarssektoren kunne svare positivt på denne førespurnaden.  Dette viser at Noreg er blant dei leiande nasjonane når det gjeld vekt på integritet og godt styresett i alliansen. Dette vart òg bekrefta på Transparency International UK sin anti-korrupsjonsindeks for forsvarssektorane i 82 nasjonar, som vart publisert i januar i år.

Rolla som Department Head inneber å vera formell faginstans for NATO sine utdannings- og treningsplanar på dette feltet. Dette vil skje i nært samarbeid med NATO sine politiske og militære styresmakter, som vil definera dei formelle krava. I tillegg vil senteret bidra til kompetanseutviklinga i NATO, og for allierte og partnarland.

Senter for integritet i forsvarssektoren vart etablert av Forsvarsdepartementet i 2012 og er lokalisert saman med Institutt for forsvarsstudiar. Senteret er eit kunnskaps- og kompetansesenter som fremjar godt styresett og profesjonell integritet både nasjonalt og internasjonalt. Målet er å bidra til å etablere robuste integritetssystem for dermed å redusere risiko for korrupsjon i forsvarssektoren.

Til toppen