Historisk arkiv

Norge protesterer mot dødsdom i Nigeria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


10. november 1995

Norge protesterer mot dødsdom i Nigeria

- Norge tar sterk avstand frå dødsdommen mot den nigerianske forfattaren og menneskerettsforkjemparen Ken Saro-Wiwa og dei åtte andre som er skulda for mordet på fire Ogoni-leiarar i Nigeria, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal. Utanriksministeren appellerer til nigerianske styresmakter om å omgjera dødsdommen.

Den norske ambassadøren i Lagos er i samarbeid med dei andre nordiske lands ambassadar, beden om å framføra den norske protesten overfor nigerianske styresmakter.

Norge har og slutta seg til ein skarp protest frå EU-landa mot dommane mot Ken Saro-Wiwa og dei åtte andre. EU beklagar i fråsegna sterkt Nigerias manglande respekt for grunnleggjande menneskerettar og minner nigerianske styresmakter på dei plikter landet har til å etterleva internasjonale menneskerettskonvensjonar som dei sjølve har underteikna. - Respekt for menneskerettane vil ha stor betydning for nivået på det framtidige samarbeidet mellom EU og Nigeria, heiter det i fråsegna frå EU.


Lagt inn 14 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen