Historisk arkiv

Noreg får 11 nye realfagskommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Frå hausten blir det 54 realfagskommunar i heile landet. – Eg er glad vi no får enda fleire realfagskommunar. Desse er ein viktig del av regjeringa si satsing på realfag i både skolar og barnehagar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

bilde fra skole

I realfagskommunen Skedsmo gjer dei naturfagundervisinga meir spennande, blant anna med fleire forsøk. Her frå Kjeller skole. FOTO: Skedsmo kommune

Hausten 2015 la regjeringa fram ein ny nasjonal strategi for realfag, Tett på realfag 2015-2019. Målet er å få færre elevar som presterer på lågt nivå i matematikk og naturfag – og fleire elevar som presterer på høgt nivå. Realfagskommunane er ein viktig del av satsinga, og til hausten startar 11 nye kommunar opp som realfagskommunar.

Flest i Akershus og Nordland

– Akershus og Nordland er dei fylka som no får flest realfagskommunar. Realfagskommunane er viktige forbilde for andre når det gjeld arbeid med matematikk og naturfag frå barnehagen og ut heile grunnopplæringa, seier Røe Isaksen.

Akershus har sju realfagskommunar frå før, og no blir Nannestad med på satsinga. Asker, Bærum, Ullensaker og Nes var blant dei første realfagskommunane i landet. I fjor fekk også Eidsvoll, Skedsmo og Aurskog-Høland status som realfagskommunar.

Nordland får tre nye realfagskommunar og får no seks realfagskommunar tilsammen. Vestvågøy, Bodø og Rana var blant dei første realfagskommunane, og no blir dei tre kommunane Hemnes, Sørfold og Øksnes også realfagskommunar.

– Nokre av dei nye realfagskommunane har i dag mange elevar på lågt nivå som dei vil løfte. Andre kommunar vil jobbe for å få fleire elevar heilt i toppen, forklarar kunnskapsministeren.

Tidleg innsats viktig

– I søknadane har fleire kommunar peika på at dei vil jobbe meir med tidleg innsats i rekning, for å hjelpe dei barna som treng det mest. Det er gledeleg når vi veit kor viktig tidleg innsats i skolen er, seier Røe Isaksen.

Nyleg la statsminister Erna Solberg fram stortingsmeldinga Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Ei plikt til å gi intensiv opplæring til elevar i 1. til 4. klasse som slit i rekning, lesing og skriving er eit av tiltaka i meldinga.

– Norske elevar gjer det betre i matematikk enn for nokre år sidan, og det er bra. Men i fjor gjekk ein av fem elevar ut av 10. klasse på ungdomsskolen med karakteren ein eller to i standpunkt i matematikk. Desse elevane kan få store vanskar med å fullføre vidaregåande skole og å få seg ein jobb seinare i livet, understrekar Røe Isaksen.

Fleire vil jobbe med realfag

Fleire norske 15-åringar enn før meiner naturfag er nyttig, fordi det gir gode jobbutsiktar seinere i livet. Det viser den siste PISA-undersøkinga, som kom i fjor. Andelen norske ungdommar som tror dei kjem til å jobbe med realfag som vaksne, har auka frå 20 prosent i 2006 til nesten 30 prosent i 2015.

– I åra som kjem treng Norge mange realistar for å løyse dei store utfordringane i samfunnet vårt, som klimakrisa og eldrebølga. Og skal vi henge med på den teknologiske utviklinga som går stadig fortare, treng vi også fleire realistar heilt i verdstoppen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Oversikt over nye realfagskommunar 2017– 2018:

Fylke

Kommune

Akershus

 Nannestad

Buskerud

Nedre Eiker

Finnmark

Lebesby

Nordland

Hemnes

Nordland

Sørfold

Nordland

Øksnes

Oppland

Vestre Slidre

Troms

Berg

Troms

Lenvik

Vestfold

 Re

Vestfold

 Sandefjord

Oversikt over alle realfagskommunane kan du sjå her.