Historisk arkiv

Norsk Restaurantskole godkjent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har bestemt at Norsk Restaurantskole likevel blir godkjent som privat yrkesfagleg vidaregåande skole.

–Det tette samarbeidet som Norsk Restaurantskole skal ha med restaurant- og servicebransjen, gjer at tilbodet skil seg frå kva som er normalen ved andre offentlege og private skolar. Derfor meiner vi dette kan bli eit viktig tillegg til det tilbodet som allereie finst for ungdom som ønskjer å utdanne seg innan restaurant-, mat-, kokk- og servitørfag, seier statssekretær Birgitte Jordahl i Kunnskapsdepartementet.

 Norsk Restaurantskole hadde søkt om godkjenning etter den mellombelse dispensasjonsregelen i privatskulelova, men fekk avslag i Utdanningsdirektoratet. Kunnskapsdepartementet har omgjort vedtaket etter klagebehandling.

 –Regjeringa ønskjer sleppe til aktørar som har idéer som kan gje nyutvikling i norsk skole. Samarbeidet som Norsk Restaurantskole skal ha med bransjen gir ein spennande mogelegheit til å skape eit praksisnært og relevant opplæringstilbod for elevane, seier Jordahl. 

 Skolen har teikna avtale med 17 bedrifter, og skal i tillegg samarbeide med medlemsbedriftene i Lærlingekompaniet. Dette er eit opplæringskontor med lang erfaring innan utdanning av fagarbeidarar. Lærlingekompaniet har i dag rundt 75 medlemsbedrifter.

Skolen skal ha inntil 60 elevplassar fordelte på restaurant- og matfag på Vg1 og kokk- og servitørfag på Vg2. Norsk Restaurantskole tek sikte på å starte opp skoleåret 2016/2017.