Historisk arkiv

Norske bedrifter skal få ein enklare kvardag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 82/06
Dato: 6. oktober 2006
Kontaktperson:
Ingrid Braate Prillard, tel. 22 24 01 28
Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Statsbudsjettet 2007:

Norske bedrifter skal få ein enklare kvardag

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nettportalen Altinn med 30 millionar kroner. Pengane skal brukast til å vidareutvikle tenesta, slik at det vert enklare for næringslivet å rapportere til det offentlege. Altinn er ein spydspiss i regjeringas arbeid med forenkling for næringslivet.

– Altinn gir viktige samordnings- og effektiviseringsgevinstar både for næringslivet og det offentlege. Difor foreslår vi å auke løyvingane med 30 millionar kroner, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Innføring av elektroniske tenester er truleg det som i størst grad kan bidra til ein enklare kvardag for norske bedrifter. Nærings- og handelsministeren vil difor leggje fram ein handlingsplan for e-tenester til næringslivet om ein månads tid.

Regjeringa har nyleg sett i gang eit prosjekt der alt regelverk som inneheld informasjonskrav frå det offentlege skal kartleggjast. Dette skal skje innan 1. september 2007. Deretter vil regjeringa kome med konkrete forslag til forenklingar. Alle tiltak skal ha kome så langt at ein kan anslå den samla gevinsten innan utgangen av juni 2009.

– Det omfattande arbeidet vi no har sett i gang, skal foregå parallelt med det forenklingsarbeidet som allereie pågår. Regjeringa har store ambisjonar, seier Andersen.

Altinn er ein suksess. Sidan etableringa for to og eit halvt år sidan er meir enn 15 millionar enkeltskjema behandla elektronisk. Til no i år er 91 prosent av aksjonærregisteroppgåvene og 75 prosent av sjølvmeldingane frå næringslivet innrapportert via Altinn. Den førehandsutfylte sjølvmeldinga for privatpersonar, som også er produsert i Altinn, vart brukt av 62 prosent.

Den foreslåtte løyvinga på 30 millionar kroner skal brukast til vidareutvikling av Altinn. I alt 19 offentlege etatar samarbeider no i Altinn og 121 skjema er tilgjengelege. Det vert arbeidd kontinuerleg for å få fleire etatar og skjema inn i Altinn.