Norske frivillige organisasjonar inviterast til samarbeid

24. oktober blir det informasjonsmøte i Oslo om EØS-midla og støtte til det sivile samfunnet i dei femten mottakarlanda. Meld deg på her.

Frå workshop i Tallin mellom norske og estiske organisasjonar tidlegare i år. Foto: Helsingforskomiteen.

24. oktober blir det informasjonsmøte i Oslo om EØS-midla og støtte til det sivile samfunnet i dei femten mottakarlanda.

Det er ei målsetting å engasjere norske organisasjonar i samarbeidsprosjekt med organisasjonar i mottakarlanda.

Det er allereie gjennomført informasjonsmøter i Tromsø, Kristiansand, Stavanger, Bergen og Trondheim. 24. oktober står Oslo for tur frå klokka 1400 til 1600 på Litteraturhuset.

På møtet gis det informasjon om fokus for NGO-programma i kvart land, samt råd og tips om korleis norske organisasjonar kan delta i prosjekt.

Det er Den norske Helsingforskomitéen som arrangerer informasjonsmøta. Helsingforskomitéen koordinerer på oppdrag fra Utanriksdepartementet arbeidet med å informere det sivile samfunn i Noreg om EØS-midla.

For påmelding og mer informasjon, besøk nettsida til Helsingforskomiteen.