Historisk arkiv

NRK-plakaten samlar dei overordna krava til NRK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa legg i dag fram ei stortingsmelding om NRK-plakaten. Her er nedfelt dei overordna krava til det tilbodet NRK skal gi som allmennkringkastar.

NRK-plakaten vil reflektere krav og forventingar som staten stiller til NRK. NRK-plakaten skal danne grunnlaget for korleis Stortinget og regjeringa skal styre NRK sitt samfunnsoppdrag.

- I lys av utviklinga på kringkastingsfeltet har det oppstått eit behov for ein grundig gjennomgang av dei pliktene NRK har som allmennkringkastar. Gjeldande NRK-vedtekter er først og fremst konsentrert om den tradisjonelle programverksemda i NRK, men reflekterer ikkje teknologi- og marknadsutviklinga på mediefeltet på ein fullgod måte, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. - NRK-plakaten vil gjelde heile NRK sitt allmennkringkastingstilbod, også tenester på nye medieplattformer. Dette er viktig mellom anna med tanke på den digitale framtida som NRK skal operere i, seier kulturministeren.

Departementet sende 18. mai 2007 eit utkast til ein NRK-plakat på høyring til om lag 800 høyringsinstansar. Dette er første gongen allmennkringkastaroppdraget til NRK har vore gjenstand for ei slik brei, offentleg høyring.

NRK-plakaten