Historisk arkiv

NSB AS skal vere eit konkurransedyktig transportkonsern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa støttar opp om NSB som eit breitt transportkonsern med verksemd innafor persontransport, gods på bane, buss og reiseliv. Når NSB skal konkurrere om persontogtilboda, er det viktig at selskapet får utvikle seg vidare som eit nordisk transportkonsern. Regjeringa legg samstundes vekt på at vekst må gi lønsemd, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa har i dag lagt ei orientering om verksemda til NSB fram for Stortinget. Målet med eigarskapen til staten i NSB skal vere å leggje til rette for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvennleg transport av personer og gods på jernbanen i Noreg. I tillegg skal selskapet bli drive på forretningsmessig grunnlag og med sikte på å levere konkurransedyktig avkastning.

God resultatutvikling dei seinare åra
NSB-konsernet har samla sett hatt ei god resultatutvikling i siste femårsperiode, med eit gjennomsnittleg årlig resultat før skatt på 1,6 mrd. kroner. Dei positive resultata kjem i hovudsak frå persontogverksemda på grunn av fleire reisande, og frå eigedomsverksemda med eingongseffektar frå fleire store sal. Resultata til buss- og godsverksemda er forbetra i same periode. Resultata til godsverksemda er likevel framleis låge.

Framover ønskjer NSB å ta marknadsleiarskap på buss og tog i Noreg og Sverige og utvikle ein leiande posisjon innan opplevingsbasert reiseliv i Noreg. NSB ønskjer òg å sikre lønsam vekst for godsverksemda i Noreg, og utvikle internasjonale godstransportar på bane til og frå Noreg.

Om orienteringa til Stortinget
Kvart fjerde år legg regjeringa fram ei orientering for Stortinget om verksemda til NSB, som oftast i form av ei melding til Stortinget. Som følgje av jernbanereforma står NSB i ei stor omstilling, og har mellom anna behov for å avklare spørsmål om pensjon. Dette gjer at regjeringa i dag har lagt fram ei kortare orientering om verksemda til NSB enn det som er vanleg.

For fleire opplysningar – sjå: