Historisk arkiv

Ny avtale om loddefiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Island, Grønland og Noreg er einige om ein avtale om loddefiske for 2015/2016.

Island og Noreg er mellom anna einige om betre vilkår for det norske vinterfisket i den islandske økonomiske sona. No kan 100 prosent av den norske kyststatsdelen av lodda fiskast i den islandske sona, mot tidlegare 35 prosent. Noreg kan også fiske overføringar av lodde frå Grønland/EU i islandsk sone.

Fiskeperioden er utvida med ei veke, til og med 22. februar, og talet på norske fartøy som kan fiske i den islandske økonomiske sona i januar/februar er utvida frå 20 til 25 fartøy.