Ny direktør for Forbrukartilsynet

Trond Rønningen er i dag tilsett i stillinga som direktør for det nye Forbrukartilsynet.

Trond Rønningen (52) er i dag assisterande fylkesmann for Oslo og Viken. Han vert tilsett på åremål for ei periode på seks år, frå 1. januar 2021.

– Vi får ein erfaren og dyktig leiar, med svært relevant kompetanse og gode føresetnader for å utvikle det nye Forbrukartilsynet, seier forbrukarminister Ida Lindtveit Røse (KrF).

Heile forbrukarapparatet er under omstilling. Endringane skal gje tydelegare rolledeling, betre samordning og meir effektiv klagebehandling. Frå 1. januar 2021 blir difor klagebehandlingstilbodet samla hos Forbrukartilsynet, medan Forbrukarrådet skal reindyrkast som forbrukarane sin interesseorganisasjon.

– Eg gler meg til å leie det nye Forbrukartilsynet. Saman med dyktige tilsette skal eg jobbe for enklare og tryggare marknader for forbrukarane. Effektiv og god klagebehandling, eit tydeleg tilsyn og eit tillitsfullt samarbeid med marknadsaktørane er sentralt for å lukkast med det viktige arbeidet som tilsynet skal utføre, seier Trond Rønningen.

Trond Rønningen er i dag assisterande fylkesmann for Oslo og Viken. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, og har bakgrunn frå ulike statlege verksemder. Dei siste 10 åra har han vore hos Fylkesmannen i Østfold, etter fylkessamanslåinga, Fylkesmannen i Oslo og Viken. Som assisterande fylkesmann og fylkesmann har han vore toppleiar, og i tre år øvste leiar i statleg verksemd.