Mari Sundli Tveit ny direktør i Forskingsrådet

Styret i Noregs forskingsråd har tilsett Mari Sundli Tveit som ny direktør. Sundli Tveit kjem frå stillinga som områdedirektør for politikk i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO).

Den komande forskingsrådsdirektøren er utdanna naturforvaltar og er professor i landskapsarkitektur. Ho var rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) frå 2014 til 2019, og prorektor i perioden 2010-13. Sundli Tveit har site i ei rekke styre i akademia, mellom anna som styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, i Noregs forskingsråds divisjonsstyre for energi, ressursar og miljø og ho har vore nestleiar i styret for Senter for grunnforskning ved Videnskapsakademiet.

- Sundli Tveit kjenner forskings- og innovasjonssystemet og høgare utdanningssektoren godt både som forskar og som leiar i akademia. Som direktør i Forskingsrådet vil ho spele ei viktig rolle i å bidra til at vi i Noreg utviklar kunnskapen vi treng for å omstille oss og for å bygge kvalitet i forskingsmiljøa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).