Ny E134 Damåsen - Saggrenda i Buskerud: Tryggare veg - og 8,5 kilometer blir firefelts

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er viktig å utbetre E-134 rundt Kongsberg. Regjeringa legg no fram forslag om ny E-134 Damåsen – Saggrenda. Planen er at anleggsarbeidet kan ta til våren 2015, slik at hovudprosjektet kan opnast for trafikk i 2019. Dette er eit viktig prosjekt, som vil gjere vegen tryggare. Den nye vegen får høgare fartsgrense, og den reduserte køyretida er med på å auke den samfunnsøkonomiske nytta av prosjektet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag til Stortinget om å bygge ny E134 mellom Damåsen i Øvre Eiker kommune og Saggrenda i Kongsberg kommune i Buskerud.

Framkome vil bli betre både for gjennomgangs- og lokaltrafikken, og det er grunn til å vente færre ulykker på vegen.

Mange ulykker på dagens veg

- E134 er ei viktig transportåre for trafikken mellom delar av Austlandet og Vestlandet, og for regional og lokal trafikk. Dagens veg mellom Damåsen og Saggrenda har ikkje god nok standard. Inn mot Kongsberg er vegbreidda berre 7-8 meter, og nokre stader enda smalare.

- Dette har vore den mest ulykkesutsette strekninga på E134 i Buskerud. Dei ti siste åra har det vore eit femtitals ulykker, med over 70 drepne eller hardt skadde. Eg er glad for at vi nok får på plass ein tryggare veg som også kortar ned køyretida, seier samferdselsministeren.

Firefelts veg

Prosjektet omfattar bygging av 13,2 kilometer ny hovudveg og 10 kilometer nye sidevegar.

Om lag 8,5 kilometer av dette skal vere firefelts veg, medan resten vert tofelts veg med midtrekkverk og forbikøyringsfelt.

4,14 milliardar kroner

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring  (KS2). Den tilrår høgare styrings- og kostnadsrammer enn det Vegvesenet opphavleg la til grunn, og Vegvesenet har delvis teke denne tilrådinga til følgje. Styringsramma er med det sett til 4 140 millionar kroner, medan kostnadsramma er sett til 4 700 millionar kroner (2014-kroner). Den samfunnsøkonomiske netto nytta til prosjektet er rekna til å vere 330 millionar kroner.

I Nasjonal transportplan vart prosjektet lagt opp med delvis bompengefinansiering. I forslaget til finansiering er det lagt inn 1 780 millionar kroner i midlar frå staten og 2 360 millionar kroner frå brukarane av vegen.

I forslaget til finansiering går det fram at takstane vert 33 kroner for lette køyretøy og 99 kroner for tunge køyretøy. Dette er noko høgare enn det som vart lagt til grunn når vegprosjektet vart handsama lokalt, på grunn av at styringsramma no er endra. Før anleggsstart må det difor vere lokalpolitisk tilslutning til desse nye takstane.

Takstane skal reduserast

- Vi vil arbeide for at bomtakstane kan reduserast gjennom den bompengereforma regjeringa planlegg. Vi vil i 2015 foreslå å omorganisere bompengesektoren. Dei mange bompengeselskapa vi har i dag skal reduserast til eit fåtal selskap. Målet er ein vesentleg reduksjon i driftskostnadene og redusert lånerente. I tillegg skal det setjast i verk ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, der renteutgiftene blir dekte over statsbudsjettet.

- Innan bompengeinnkrevjinga startar opp vil bompengereforma vere gjennomført. Med nytt bompengesystem vil takstane truleg kunne setjast ned tidsperioden for bompengeinnkrevjing kortast ned. Vi legg til grunn at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte, seier samferdselsministeren.  

Meir informasjon:

Kartskisse og fleire opplysningar: Prop. 49S (2014-2015) Utbygging og finansiering av E134 Damåsen - Saggrenda i Buskerud

Meir informasjon om samferdselsprosjekt i Buskerud og resten av landet finn du i Samferdselskartet