Historisk arkiv

Ny EU-forordning i kollektivtransporten:

Regelverk sikrar rettane til dei tilsette

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa held fast ved lovreglar som sikrar rettane til arbeidstakarane i dei tilfella der ein nyttar konkurranse ved tildeling av kontraktar eller einerett for drift av kollektivtransport, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa held fast ved lovreglar som sikrar rettane til arbeidstakarane i dei tilfella der ein nyttar konkurranse ved tildeling av kontraktar eller einerett for drift av kollektivtransport, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Dei tilsette i kollektivtransporten skal framleis ha eit vern som svarar til det vernet som gjeld ved overdraging av verksemder. Eit føretak som får tildelt ein kontrakt gjennom konkurranse må dessutan forplikta seg til å sikre at dei tilsette ikkje får dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale eller det som normalt for vedkomande yrke og stad.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med forslag til nokre endringar i yrkestransportlova og jernbanelova. Forslaget legg til rette for at ”EU-forordning om kollektivtransport” kan gjennomførast i norsk rett.

Regjeringa held seg med dette forslaget til dei minimumsløysingar som EU-forordninga fastset. 

EU-forordninga omfattar dei tilfella der styresmaktene grip inn i kollektivtransporten for å sikra levering av transporttilbod av allmenn interesse, og som mellom anna har høgare rutefrekvens og er betre og rimelegare enn det ein kan oppnå gjennom marknadskreftene åleine.Hovudregelen i forordninga er at styresmaktene skal gjennomføra ein konkurranse før ein inngår kontrakt med transportverksemder. – Sidan 1994 har det i Noreg vore høve til å gjennomføre slik konkurranse - på frivillig basis – ved tildeling av kontraktar for drift av både buss- og båtruter, seier samferdselsministeren.

Hovudregelen i EU-forordninga om konkurranse i kollektivtransporten har ei rekkje unntak, mellom anna desse:

• Det vert ikkje stilt krav om konkurranse for drift av jernbane på det nasjonale jernbanenettet

• Det vert ikkje stilt krav om konkurranse der styresmaktene – til dømes ein fylkeskommune eller kommune – sjølv utfører tenesta. Det same gjeld når styresmaktene får ein såkalla ”intern operatør” til å utføra tenesta.

• Når verdien av kontrakten eller omfanget av dei avtalte tenestene ligg under visse tersklar vert det heller ikkje krav om konkurranse: Det vert ikkje krav om konkurranse når gjennomsnittleg årleg verdi for kontrakten er under ein million EUR eller når årleg ”ruteproduksjon” er under 300 000 kilometer. I dei tilfella der kontrakten blir inngått med mindre transportselskap, med inntil 23 køyretøy, vert desse tersklane dobla – til to millionar EUR eller 600 kilometer.

Regelverket i ”EU-forordninga om kollektivtransport” skal ikkje gjelda for sjøtransport.


For fleire opplysningar – sjå: