Historisk arkiv

Ny forskrift om nasjonale tilretteleggingsmidlar til næringsutvikling og kompetanseheving

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett ny forskrift om nasjonale tilretteleggingsmidlar til næringsutvikling og kompetanseheving i landbruket. Fastsetting av forskrift er eit ledd i oppfølginga av jordbruksoppgjeret 2019.

Ordninga blei oppretta frå 2020 og har som mål i styrke verdiskapinga i landbruket gjennom tilretteleggjande tiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving av nasjonal nytteverdi . Dei tidlegare Kompetanseutviklingsmidlane i landbruket (KIL) er innlemma i den nye ordninga. Tilskotsordninga blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Forskrifta trer i kraft 15.1.2021.