Historisk arkiv

Ny friviljug kommunesamanslåing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Mosvik og Inderøy slår seg saman frå 1. januar 2012, etter ønske frå kommunane sjølv. Kommunane har gjennomført ein grundig prosess der innbyggjarane har blitt høyrde. Etter samanslåinga vil det vere 429 kommunar i Noreg.

Mosvik og Inderøy slår seg saman frå 1. januar 2012, etter ønske frå kommunane sjølv. Kommunane har gjennomført ein grundig prosess der innbyggjarane har blitt høyrde. Etter samanslåinga vil det vere 429 kommunar i Noreg.

- Dette er eit godt døme på lokale prosessar som førar til ei friviljug samanslåing fordi kommunane sjølv vil det. Eg ønskjer kommunane lukke til i det vidare arbeidet, seiar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Den nye kommunen skal heite Inderøy kommune, og vil få om lag 6 700 innbyggjarar. Kommunestyret skal vere samansett av 31 representantar, som blir valde ved kommunestyrevalet hausten 2011.

Nye Inderøy kommune vil etter samanslåinga få eit inndelingstilskot, som vil bestå av eit basistilskot og eit småkommunetilskot. Departementet vil rekne ut det endelege tilskotet i samband med budsjettet for 2012.

Mosvik og Inderøy høyrer i dag til ulike soner for arbeidsgjevaravgift. Kommunestyra ønskte at området som i dag er Mosvik kommune, kan behalde dagens satsar for arbeidsgjevaravgift fram til ordninga blir revidert. Det er no slått fast at dagens satsar blir vidareførte i dei geografiske verkeområda i 2012 og 2013.

Samanslåinga blei stadfesta i Statsråd 5. november 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Inderøy og Mosvik (kart).