Historisk arkiv

Ny fylkesmann i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Rigmor Brøste er i statsråd i dag konstituert som fylkesmann i Møre og Romsdal.

– Vi har fått på plass ein erfaren leiar med ovleg relevant bakgrunn til å leie embetet dei neste åra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Else-May Botten blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Møre og Romsdal. Botten vil tiltre embetet etter at ho går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Rigmor Brøste er konstituert som fylkesmann fram til Else-May Botten tiltrer i sitt åremål.

Rigmor Brøste er 54 år og fast ansatt som assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal sida 2012. Ho er cand. mag. frå Høgskulen i Bergen og  Universitetet i Oslo, og er høgskolekandidat fra Høgskolen i Molde. Brøste har hatt leiarstillingar på ulike nivå dei siste 25 åra, til dømes som rådmann i Nesset kommune (2006-2012) og personal- og organisasjonssjef i Molde kommune (1999-2006).

 

ommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.