Historisk arkiv

Ny fylkesmann i Rogaland (vikariat)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kongen i Statsråd har i dag konstituert assisterande fylkesmann Harald Thune i vikariatet som fylkesmann i Rogaland. Konstitueringa gjeld frå 1. januar 2008 og for den tida fylkesmann Tora Aasland er medlem av regjeringa.

Harald Thune er 55 år og cand jur frå Universitetet i Bergen. Han har lang erfaring frå offentleg forvaltning, m.a. frå fylkesmannsembetet i Rogaland. Thune har vore assisterande fylkesmann frå 1987, konstituert fylkesmann i perioden 1991-93, og er for tida fungerende fylkesmann i Rogaland.

Til toppen