Historisk arkiv

Ny Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har fastsett ein ny Handlingsplan på plantevernmiddelområdet.

– Dei siste tiåra har det vore arbeidd målretta for å redusere både bruken av, og risikoen for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel. Handlingsplanen har vore ein viktig reiskap i dette arbeidet. Denne nye handlingsplanen gjeld for perioden 2016-2020. Planen skal medverke til berekraftig bruk av plantevernmiddel. Integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel, er sentralt i dette arbeidet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Klima- og miljødepartementet, Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet har laget forslag til ny Handlingsplan. Mattilsynet har vore sekretær for arbeidsgruppa. Planen er nå vedteke av Landbruks- og matdepartementet.

Fruktblomstring.
Fruktblomstring. Foto: Landbruks- og matdepartementet