Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Ny handlingsplan mot valdtekt

Måndag 25. mars lanserer regjeringa ein ny handlingsplan mot valdtekt.

Statsråd Jon Georg Dale deltek på lanseringa saman med politisk leiing frå fleire departement.

Tid: Måndag 25. mars kl. 14.00–15.30.
Stad: DIXI ressurssenter, Bygdøy allè 1. Oslo

Handlingsplanen er laga av Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Underliggjande etatar og eksterne ekspertar har og vore med.

Viktige tema i handlingsplanen er målretta førebygging av valdtekt, lett tilgjengelege hjelpetilbod, kunnskap og kompetanse om valdtekt og tiltak for god etterforskingskvalitet og behandling av valdtektssaker i rettsapparatet.

Program

14.00: DIXI ønskjer velkomen og viser senteret.
14.15: Presentasjon av handlingsplanen.
15.00: Tid til pressa.

Pressekontakt

Kommunikasjonsrådgjevar Raheela Chaudhry, raheela.chaudhry@jd.dep.no.

Til toppen