Historisk arkiv

Ny havressurslov - ei heilskapleg forvaltning av viltlevande marine ressursar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa legg i dag fram forslag til lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar. - Lova legg til rette for ei heilskapleg forvaltning av alle viltlevande marine ressursar og styrkjer reglane om ressurskontroll, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Havressurslova skal erstatte saltvassfiskelova frå 1983. Lova har fleire viktige nyvinningar.

Regjeringa legg i dag fram forslag til lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar. - Lova legg til rette for ei heilskapleg forvaltning av alle viltlevande marine ressursar og styrkjer reglane om ressurskontroll, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Havressurslova skal erstatte saltvassfiskelova frå 1983. Lova har fleire viktige nyvinningar.

Lovframlegget har ei meir heilskapleg tilnærming til forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane enn saltvassfiskelova. Framlegget til ny lov gjeld alle viltlevande marine ressursar som har tilhald i våre farvatn, frå kval til dei minste levande organismane i havet. Lova gjeld all utnytting av ressursane, og ikkje berre fiske- og fangstverksemd. Lova gjev difor klar heimel til å regulere alle aktivitetar som har å gjere med utnytting av ressursane, mellom anna utnytting av genetisk materiale frå norske viltlevande marine ressursar.

Ressursane ligg til fellesskapet

Lovframlegget slår fast at retten til dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen understrekar at denne føresegna stadfestar at retten til ressursane ikkje skal privatiserast, og at regjeringa gjennom lovverket sikrar styring og kontroll med ressursane for fellesskapet, i tråd med Soria Moria-erklæringa.

Lovframlegget fører vidare reglane i saltvassfiskelova om regulering av ressursuttaket. Det vert gjort endringar i reglane for fritidsfiske, og mellom anna innført ei omsetningsgrense for slik fangst på 50 000 kroner årleg.

Reglar om genetisk materiale

Funn og utnytting av genetisk materiale kan gje ein betydelig økonomisk gevinst, til dømes i farmasøytisk industri, basert på ressursar som tilhøyrer fellesskapet. Lova gjev difor heimel til å gje reglar om at dei som skal drive med marin bioprospektering må søkje om løyve til det, og at staten kan sikre seg ei økonomisk godtgjering ved utnytting av norsk marint genetisk materiale.

– Regjeringa sette søkjelyset på marin bioprospektering allereie i nordområdestrategien, og eg er glad for at vi no kan leggje fram eit lovforslag som sikrar interessene til nasjonen på dette området, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Styrkjer kampen mot ulovleg fiske

Reglane om ressurskontroll, og særleg reglane om tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske, vert styrka. Mellom anna vert det innført heimlar til å innføre reglar om sporing av fisk og krav til registrering av dei som skal ta imot fisk frå fiskefartøy. Lova gjev også grunnlag for å krevje merking av fangst og regulering av omlasting.

– Kampen mot ulovleg fiske er ei kjernesak for regjeringa. Vi har difor sett mykje inn på at den nye lova skal verte ein god reiskap i dette arbeidet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Kontakt:
Seniorrådgjevar Gunnar Frogner Dahl tlf. 22 24 63 64
Spesialrådgjevar Vidar Landmark  mob. 928 11 999

-----------------------------------------------------------------------------------------------------

Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

Generelt om lovframlegget

Lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar vart fremma for Stortinget i statsråd 21. desember 2007 i Ot. prp. nr. 20 (2007-2008). Lova vil avløyse lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. Lovforslaget byggjer på forslaget frå havressurslovutvalet, som vart oppnemnt 14. mars 2003 og avga si innstilling 9. juni 2005 i NOU 2005: 10.

Medan saltvassfiskelova i hovudsak regulerer tradisjonelt fiske, omfattar forslaget til ny havressurslov alle viltlevande marine ressursar. Lova vil omfatte all hausting og anna utnytting av desse ressursane, og ei rekkje andre aktivitetar (som omlasting, levering, landing, mottak, transport, oppbevaring, produksjon og omsetning) når det er nødvendig for å kontrollere at reglane i lova vert haldne.

Formålet med lova, jf. § 1 i lovframlegget, er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Dette viser at lova både er ei næringslov og ei miljølov.

Les meir om formålet til lova i kapittel 4.1.

Retten til ressursane

Havressurslovutvalet vurderte spørsmålet om innføring av ein statleg eigedomsrett til viltlevande marine ressursar. Bakgrunnen var mellom anna at Stortinget ved fleire høve har kome med utsegner om at dei viltlevande marine ressursane tilhøyrer folket i Noreg i fellesskap.

Det vert ikkje gjort framlegg om å etablere ein statleg eigedomsrett til ressursane i havressurslova i juridisk forstand, men lovforslaget § 2 slår fast at retten til dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.

Det er ikkje med dette forslaget etablert ein privat eigedomsrett for staten. Forslaget er knytt til statens rolle som forvaltar, og statens ansvar for at bestandane og dei marine økosystema er i balanse og produserer eit haustingsverdig overskot. Bakgrunnen er å gjere det klart at retten til ressursane ligg til fellesskapet og at økonomiske transaksjonar mellom fiskarar ikkje betyr at ressursane er privatiserte.

Fiske i sjøen er ein allemannsrett. Denne retten vert likevel driven innanfor dei rammene som følgjer av reglane i saltvassfiskelova og i deltakarlova. Tilgangen til å drive ervervsmessig fiske er fullt ut regulert gjennom reglane fastsette i og i medhald av deltakarlova. For ei rekkje fiskeri gjeld det i tillegg eit krav om konsesjon eller årlege løyve til å delta.

Les meir om retten til ressursane i kapittel 4.3.

Om forvaltningsprinsippet

Saltvassfiskelova byggjer på eit prinsipp om at hausting av viltlevande marine ressursar er tillate så lenge det ikkje er sett avgrensingar ved forskrift med heimel i lova. Både havressurslovutvalet og biomangfaldlovutvalet drøfta spørsmålet om den marine ressursforvaltninga i staden skulle byggje på eit bevaringsprinsipp.

I lovframlegget vert det innført eit forvaltningsprinsipp. Dette inneber at departementet skal vurdere kva for forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane.

Forvaltningsprinsippet byggjer på ei prinsipiell haldning om at menneska skal hauste av det overskotet dei levande marine ressursane gjev, og at vi skal hauste på ein slik måte at dei komande generasjonar også kan hauste av overskotet frå havet. Forvaltnings¬prinsippet inneber at det kan drivast hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar utan at det er opna for det i forskrift, men at styresmaktene har eit ansvar for jamleg å vurdere om det er behov for å regulere dei ulike haustingsverksemdene, og å innføre ulike reguleringar dersom vurderingane tilseier det.

Det ligg ei omfattande forvaltningsrådgjeving til grunn for den norske forvaltninga av fiskebestandane. Kunnskapsoppbygging, kartlegging og overvaking av havmiljøet i vid forstand ligg såleis til grunn for ressursforvaltninga.

Dei vurderingane styresmaktene gjer og dei avgjerdene styresmaktene tek skal byggje på ei heilskapleg tilnærming og vere baserte på grundig fagleg kunnskap. Avgjerdene skal vege ei rekkje ulike interesser mot kvarandre, og ta omsyn til både ei langsiktig forvaltning av ressursane og ulike nærings- og distriktsomsyn. Desse vurderingane må gjerast med jamne mellomrom. Det er dette som ligg i forvaltningsprinsippet.

Les meir om forvaltningsprinsippet i kapittel 4.4.

Om urfolksspørsmål

Behandlinga av urfolksspørsmål i havressurslova må sjåast i samanheng med eit stortingsvedtak om utgreiing av samar og andre sin rett til fisket i havet utanfor Finnmark. På bakgrunn av dette stortingsvedtaket har regjeringa oppnemnt eit offentleg utval, Kystfiskeutvalet for Finnmark, som skal levere utgreiinga si 18. februar 2008. Denne utgreiinga skal følgjast opp med ei eiga sak til Stortinget. Det er difor ikkje teke endeleg stilling til urfolksspørsmålet no.

Lovframlegget styrkjer likevel samiske interesser i høve til gjeldande saltvassfiskelov, ved at det "at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlag for samisk kultur" no vert uttrykkeleg framheva som eitt av dei grunnleggjande omsyn som det skal leggjast vekt på i forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane, jf § 7 andre ledd bokstav g i lovutkastet.

Det har vore gjennomført konsultasjonar med Sametinget om lovframlegget. Sametinget har prinsipalt krevd at lovframlegget vart utsett til kystfiskeutvalet si innstilling skal handsamast.

Sametinget sine merknader til ulike spørsmål kjem fram i proposisjonsteksten.

Les meir om urfolksspørsmålet i kapittel 4.5.

Bioprospektering – marine genressursar

Tilgang til genressursar er i dag ikkje regulert i noko lovverk. Det er gjort framlegg om at havressurslova skal gje heimel til å krevje løyve til marin bioprospektering, og at staten kan krevje delar av fordelane frå utnytting av norsk genetisk materiale. Det betyr at staten kan krevje økonomisk godtgjering frå dei som utnyttar slikt materiale og at staten kan krevje å få del i andre resultat frå utnytting av norsk genetisk materiale.

Slike reglar er forankra i biomangfaldskonvensjonen og folkeretten generelt, som gjev statane rett til å gje reglar om marine genressursar. Framlegget er i samsvar med nordområdestrategien til regjeringa, og det arbeidet som no vert gjort under biomangfaldkonvensjonen om utvikling av slike reglar. Framlegget er også viktig for å gje støtte til utviklingsland, som arbeider med same type reglar.

Marin bioprospektering kan seiast å vere leiting etter naturstoff og biokjemiske ressursar i marint genetisk materiale med sikte på seinare utprøving av eigenskapane til materialet for komersiell utnytting. Utnyttinga kan mellom anna bestå i å produsere det syntetisk, lage produkt basert på det genetiske materialet eller å setje gen frå materialet inn i andre organismar for å gje desse nye eigenskapar.

Det er berre eit fåtal av livsformene som finst langs norskekysten og i dei nordlege havområda som er utforska og vert utnytta i næringssamanheng. Mange marine artar er truleg enno ikkje beskrivne, og få av dei kjende artane er karakteriserte i særleg grad når det gjeld genetiske og molekylære eigenskapar. Dette gjeld særleg dei kuldetilpassa organismane, fordi forskinga ofte har konsentrert seg om livsformer frå tropiske og tempererte farvatn. Dei neste 20 åra vil vi kunne få ei ekspansiv utvikling i kartlegginga av biologisk materiale frå dei nordlege farvatna. Her har Noreg særlege fortrinn fordi vi har ei lang kystlinje som grensar opp til subarktiske og arktiske farvatn, og vi har infrastruktur som gjer at vi kan hente inn og karakterisere eit vidt spekter av marine organismar frå desse farvatna.

Les meir om marin bioprospektering – marine genressursar i kapittel 5.

Om reguleringsføresegnene

For å kunne forvalte dei levande ressursane i havet på ein tenleg og rasjonell måte, vert det fastsett ulike reguleringar for å avgrense og kontrollere haustinga. Uttaket av viltlevande marine ressursar kan også regulerast indirekte gjennom ulike former for innsatsavgrensingar, som mellom anna kan innebere at berre eit avgrensa tal fartøy kan delta i dette fisket, såkalla innsatsregulering i medhald av deltakarlova.

Vidare vert uttaket regulert indirekte gjennom reglar om maskevidde, minstemål o.l., og gjennom reglar om stenging av område for kortare eller lengre tid, anten i tillegg til kvoteregulering og innsatsavgrensingar, eller som einaste forvaltningstiltak som er innretta mot å redusere fisket på ein bestand.

Kvotereguleringane og dei tekniske reguleringane vert fastsette i medhald av saltvassfiskelova, medan innsatsavgrensinga vert fastsett med heimel i deltakarlova.

Dei ulike reguleringsregima er oftast kombinasjonar av ulike uttaks- og innsatsreguleringar og tekniske reguleringsforskrifter.

Forslaget til føresegner i havressurslova om regulering av ressursuttaket inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett frå saltvassfiskelova. Som for resten av lova inneber utvidinga av det saklege verkeområdet for lova at det kan fastsetjast kvotar i forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar.

Lova gjev dei rettslege rammene for fastsetjing av kvotar. Korleis fordelinga skal vere og kva omsyn som skal liggje til grunn for fordeling av kvotar, er politiske avgjerder. Havressurslova vil såleis ikkje leggje føringar for dette.

Les meir om reguleringsføresegnene i kapittel 6.

Om ressurskontroll

Noreg rår over store ressursar og norske fiskarar fangstar i store havområde. Å føre kontroll med haustingsaktivitetane – registrere uttak av fangst og førebyggje og avdekke brot på reglane som regulerer fiskeriaktivitetane – er ei samansett og krevjande oppgåve.

Dei levande marine ressursane er fornybare men ikkje utømmelege. Det er difor viktig at ressursane vert forvalta på ein måte som gjer at næringa både på kort og lang sikt kan ha stabile rammevilkår, og at forvaltninga er ansvarleg og langsiktig berekraftig. Ein ansvarleg og god ressurskontroll er med og sikrar at uttaket av viltlevande marine ressursar heile tida er i tråd med gjeldande reglar og i tråd med måla som er nemnde ovanfor.

Framlegget til kontrollreglar i havressurslova styrkjer regelverket som kan nyttast i kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske. Dei fleste føresegnene i lova gjev heimlar til å fastsetje ulike reglar i forskrift. Det gjer lova til eit fleksibelt verktøy i kampen mot slike UUU-aktivitetar.

Det vert gjort framlegg om heimlar til å påleggje sporing av fangst, og heimel til plikt til registrering for alle som skal ta imot fisk i første hand. Dette vil gjere det enklare å følgje fangsten attende til kvotar, og å peike ut fangstar som kan vere ulovlege.

Arbeidet mot UUU-aktivitetar treng ei rekkje ulike tiltak, og mellom anna gjev lovframlegget heimel til å gje føresegner om merking av fangst og regulering av kvar og korleis omlasting kan skje. Etter kvart som det vert innført nye reglar og laga nye hindringar for UUU-aktivitetar, vil dei som er involverte i slik verksemd søkje nye måtar å drive ulovleg verksemd på. Det er difor nødvendig at lova er fleksibel og kan møte nye utfordringar.

Les meir om ein heilskapleg ressurskontroll i kapittel 8.

Om ilandføringsplikt for all fangst av fisk

I framlegget til havressurslov er hovudregelen i lova foreslått å vere at all fangst av fisk skal førast i land. Dette er ei naturleg vidareutvikling av dei reglane vi har i dag, der det i forskrift er fastsett ei slik plikt til ilandføring av dei kommersielt viktigaste fiskeslaga.

Med reglane i lovframlegget, vil ilandføringsplikt dermed vere hovudregelen for all fangst av fisk teken av norske fiskarar, uavhengig av kvar dei haustar, og for utanlandske fiskarar som fiskar i område under vår jurisdiksjon.

Reglar om maskevidde, sorteringsrist, stenging av område o.a. skal medverke til at fiskarane ikkje får uønskt fangst. Det vil likevel vere slik at fiskarane av ulike årsaker kan ønskje å kaste ut fisk. Ei generell plikt til å føre all fangst av fisk i land, er difor viktig ut frå miljø- og ressursomsyn og bidreg til at mest mogleg av den fisken vi hentar frå havet vert registrert. Dette legg til rette for ei betre forvaltning.

Ilandføringsplikta vil ikkje gjelde for anna enn fisk (medrekna skaldyr), slik at maneter, tang og tare, korallar osb. ikkje er omfatta av ilandføringsplikta.

Les meir om ilandføringsplikt i kapittel 7.1.

Om regulering av fritidsfiske

Det berande prinsippet for reguleringa av fritidsfisket bør vere å oppretthalde allemannsretten til å drive fritidsfiske – til matauk, rekreasjon og til sport.

Saltvassfiskelova har reglar som set reiskapsavgrensingar for ikkje-manntalsregistrerte fiskarar. I tillegg kan ikkje-manntalsførte fiskarar berre levere 2000 kg torsk for omsetning pr år, og det er forbode for ikkje-manntalsførte fiskarar å fiske kongekrabbe aust for 26ºØ for omsetning og rognkjeks i Nordland, Troms og Finnmark.

I forslaget til ny havressurslov vert reiskapsavgrensingane (handsnøre, fiskestong, ei maskindriven jukse eller dorg, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 onglar og 20 teiner eller ruser) foreslått vidareført, med nokre viktige justeringar:

Det vert for det første foreslått at reiskapsavgrensingane skal gjelde når det vert drive fiske med fartøy som ikkje er merkeregistrert, uavhengig av om personen er ført i fiskarmanntalet eller ikkje, og det vert for det andre foreslått å innføre ei omsetningsgrense på 50 000 kroner årleg for sal av fangst frå ikkje-merkeregistrerte fartøy.

Denne omsetningsgrensa fell saman med grensa for å vere registrert som meirverdiavgiftspliktig, og representerer med det grensa for kva som kan reknast som hobbyfiske og kva som bør reknast som næringsfiske.

I nokre tilfelle kan det av omsyn til ei forsvarleg ressursforvaltning vere behov for strengare reiskapsavgrensingar eller kvantumsavgrensingar for fritidsfiske. Det er foreslått ein heimel i lova som gjer det heilt klart at det kan fastsetjast strengare reglar enn hovudregelen i lova, som til dømes i hummarfisket i Oslofjorden og langs sørlandskysten.

Desse reglane gjeld ikkje for utanlandske fisketuristar. Desse har framleis berre lov til å fiske med handreiskapar, og har ikkje lov til å selje fangsten.

Les meir om regulering av sports- og rekreasjonsfiske i kapittel 7.3.

Om seismikk og havressurslova

Det har vore mykje merksemd rundt seismikkaktivitet og konfliktar med fiskefartøy den seinare tida.

Framlegget til havressurslov førar vidare reglane om orden på haustingsfelt, som mellom anna seier at den som kjem til haustingsfelt der reiskapar er sette ut, skal gjere seg kjend med kvar reiskapane står. Alle skal fare fram slik at haustingsreiskapar ikkje vert skadde eller utsette for fare, og det er forbode å hindre eller øydeleggje høve til hausting med skyting, støy eller anna utilbørleg framferd.

Etter havressurslova § 3 tredje ledd gjeld denne føresegna for annan aktivitet enn haustingsverksemd, når slik verksemd har innverknad på hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar. Dette gjeld dermed også for seismikkfartøy, til liks med andre sjøfarande, slik det også gjorde etter saltvassfiskelova.

Skyting av seismikk skjer etter offentleg løyve. Reglane om korleis seismikkskyting skal gjennomførast, og kva for omsyn seismikkfartøy skal ta til fiskefartøy og fiskeriaktivitet, vert ikkje endra gjennom framlegget til havressurslov.

Les meir om aktsemd på fangstfelt i merknaden til § 24.