Historisk arkiv

Ny kartlegging av tenestene til sårbare barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

For sjette gong sidan koronakrisa inntraff har ei koordineringsgruppe kartlagt tilbodet til sårbare barn og unge. Rapporten viser at langt fleire tenester enn tidlegare er tilbake i normal drift. Samtidig er det færre enn vanleg som oppsøker tenestene.

- Eg er fornøgd med at mange tenester er tilbake i tilnærma normal drift. Det er tydeleg at kommunane jobbar godt for å få dette til. Mange barn og unge er no spesielt avhengig av ulike tenester, eg er difor opptatt av å sikre at tenestene samarbeider godt slik at sårbare barn blir ivaretatt. At færre barn og unge enn vanleg nyttar seg av tilboda bekymrar meg og er noko eg vil følgje med på framover, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Her kan du lese den sjette rapporten.

Betre tilgjengelegheit, men samstundes nokre utfordringar

Dette er den sjette statusrapporten frå koordineringsgruppa som ser på tilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisa. Den viser at langt fleire tenester enn tidlegare melder om normal drift. Tal viser at fleire barn og unge oppsøkte tenester i juni samanlikna med månaden før, men nokon tenester melder om færre henvendelsar og konsultasjonar enn tidlegare. Rapporten gir ikkje eit svar på kvifor færre oppsøker tenestene.

Kartlegginga viser at det framleis er helsetenestene som har størst utfordringar med å kome tilbake til normal drift. Dette er ikkje overraskande sidan dei har vore ansvarlege for smitteberedskapen i koronakrisa og førebur seg på ein eventuell koronaoppblomstring. Til dømes har mange av dei kommunale tilboda som er viktige for barn med funksjonsnedsettingar vore redusert eller stengt ned i perioden. Tilbod knytt til fritid og deltaking i kommunane vart lagt ned tidleg og starta seint opp. Dette gjeld til dømes tenester som støttekontakt og ulike dagtilbod. Fleire kommunar melder at dei er i ferd med å gjenopne og styrke bemanninga i tenestene for barn med funksjonshemmingar og utviklingshemmingar. I ein tid prega av smitteberedskap og ferieavvikling er dette krevande for mange.  

- Det er urovekkande at barn med funksjonshemmingar og utviklingshemmingar ikkje har fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. No har vi kome til juli, og eg vil gi ein tydeleg beskjed til alle kommunar om at dei må sikre desse barna og familiane deira eit forsvarleg tilbod, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Inger Klippen.

Meir pengar til sommaraktivitetar

I rapporten kjem det fram at fleire elevar er uroa for sommaren når skulane er stengt, utan fristader som aktivitetar, skuletilbod, deltidsjobbar og feriemoglegheiter. Fleire organisasjonar har fått ekstra støtte til aktivitetar i sommar og fleire kommunar har også sett i verk nye tiltak for sårbare barn og unge. Organisasjonar som mottek tilskot til ferie- og fritidsaktivitetar har fått vide rammer til å tilpasse aktiviteten til gjeldande smittevernreglar, og no dei også fråvike kravet til éin meters avstand for personar under 20 år som deltek på ferie- og aktivitetsleir i sommar.  Regjeringa har også delt ut 53 millionar ekstra gjennom Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar. Pengane skal gå til å sikre ferie- og fritidsaktivitetar til sårbare barn og unge.

- Vi er no i gang med sommarferien, og eg håper at dei barna og unge som treng det får delta på ein aktivitet eller eit tilbod som kan bidra til at dei får gode sommaropplevingar. Eg håper vi går inn i ein sommar der vi alle tek litt ekstra vare på kvarandre, og særleg dei vi veit kan vere ekstra sårbare. Eg veit at mange organisasjonar og ildsjelar står på for å gi barn og unge eit godt sommartilbod og det betyr mykje for mange, seier statsråd Røse.

Koordineringsgruppa

Koordineringsgruppa har vurdert tenestetilbodet til sårbare barn og unge gjennom heile koronakrisa.

Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og har representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD), Sekretariatet for konfliktrådene (SfK) og NAV. Gruppa rapporterer jevnleg på tjenestetilbudet til sårbare barn og unge under koronapandemien. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskriminieringsombodet og andre sentrale organisasjonar.

Her kan du lese dei tidlegare rapportane:

Rapport 1

Rapport 2

Rapport 3

Rapport 4

Rapport 5

Rapport 6