Historisk arkiv

Ny klagenemnd for mediesaker oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Klagenemnda for mediesaker vart oppnemnd i statsråd i dag. Nemnda skal vere klageinstans for enkeltvedtak i Medietilsynet. Klagenemnda for mediesaker skal behandle klagesaker om medieeigarskap, i tillegg til andre klagesaker som fell inn under kringkastingslova.

Klagenemnda for mediesaker er oppnemnd fram til 1. juli 2015 og består av følgjande medlemmer og varamedlemmer:

Leiar: lagdommar Ørnulf Røhnebæk, Hamar  
Nestleiar: postdoktor Arne Krumsvik, Oslo
Medlem: advokat Karin Fløistad, Oslo
Varamedlem: professor Tore Lunde, Bergen
Varamedlem: førsteamanuensis Gunn Enli, Oslo
Klagenemnda for eigarskap i media blir lagd ned frå same tid.

- Media si rolle som kritikar og overvakar av offentlig maktutøving talar for at tilsynet med sektoren er uavhengig frå politiske styremakter, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Opprettinga av ei klagenemnd set i verk ei av dei endringane av kringkastingslova som Stortinget vedtok 10. mars 2011  som eit ledd i å gi Medietilsynet større sjølvstende. Etableringa av ei klagenemnd inneber at Kulturdepartementet ikkje lenger skal vere klageinstans for dei fleste vedtaka Medietilsynet gjer etter kringkastingslova.

Til toppen