Historisk arkiv

Ny konsesjon for Sandefjord lufthamn, Torp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa har i dag fornya konsesjonen til Sandefjord lufthamn, Torp med 20 år. - Framleis fastset lufthamna eigne avgifter, og lokale styresmakter avgjer opningstidene på lufthamna, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa har i dag fornya konsesjonen til Sandefjord lufthamn, Torp med 20 år.  - Framleis fastset lufthamna eigne avgifter, og lokale styresmakter avgjer opningstidene på lufthamna, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Den nye konsesjonen vil vera gjeldande frå 1. april 2010 til 31. desember 2030. 

- Torp er ei etablert lufthamn, og det er difor ikkje naudsynt med statleg regulering av trafikktak og lufthamnavgifter som flyselskapa betaler, seier samferdselsministeren.

I Soria Moria II, den politiske plattforma til regjeringa, er det lagt vekt på at flyplassane utanfor Avinor-systemet ikkje må svekkja moglegheita for å oppretthalda eit desentralisert tilbod av flyplassar over heile landet. I konsesjonen for Torp har regjeringa difor teke atterhald om at lufthamnene utanfor det offentlege Avinor-systemet i framtida kan verta pålagde å betala eit bidrag til finansieringa av det samla Avinor-nettverket av lufthamner.

- Ei eventuell innføring av ei slik ordning vil krevja grundige utgreiingar, og er uansett ikkje aktuell i dag og heller ikkje for Torp åleine, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar – sjå:

• Konsesjon til Sandefjord Lufthavn AS (pdf)