Ny kulturmelding – Kulturpolitikk for framtida

- Kulturmeldinga skal danne grunnlag for politisk debatt om dei kulturpolitiske utfordringane som vi står overfor og dei nasjonale kulturpolitiske måla vi bør setje oss, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Kulturministeren og statsministeren på første rad under presentasjonen av Kulturmeldingen.
Kulturminister Trine Skei Grande og statsminister Erna Solberg under presentasjonen av den nye kulturmeldingen i dag. Foto: Ketil Frøland/Kulturdepartementet

- Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggande kraft. Eit rikt og variert kulturliv er eit vilkår for eit velfungerande demokrati, seier kulturminister Skei Grande.

- Kulturpolitikken må bidra aktivt til at alle får like moglegheiter til å uttrykke seg, og til å oppleve kunst og kultur av ypperste kvalitet. På denne måten kan kulturlivet fremme toleranse og forståing for andre menneske og skape rom for refleksjon og innsikt om verdiar og identitet. Gjennom deltaking blir ein vant til å møte eit mangfald av meiningar og ytringar. Å delta i kulturaktivitetar er viktig for den enkelte, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Desse innsatsområda vil vere særleg viktige:

  • Produksjon, formidling og tilgang til kunst og kultur over heile landet
  • Utnytte moglegheitene som ligg i ny, digital teknologi
  • Styrkje den økonomiske berekrafta i kultursektoren
  • Utnytte potensialet som kulturlivet har internasjonalt
  • Arbeide for eit representativt og relevant kulturliv, med like vilkår for alle uansett bakgrunn

Det er også viktig å spreie makt i den offentlege kultursatsinga. Fylkeskommunane skal få meir ansvar for kulturoppgåvene. Den nasjonale kulturpolitikken skal i større grad bli utforma i samspel og dialog med kommunane og fylkeskommunane.

Til toppen