Historisk arkiv

Ny læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Den nye læreplanen vil gjelde frå dette skuleåret for alle elevar som har budd kort tid i Noreg og vil vere obligatorisk å tilby for alle vidaregåande skolar. Den skal også gjelde for privatistar og vaksne.

- Vi har no fått ein eigen læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg for å gi opplæring betre tilpassa situasjonen deira. For å sikre at alle får det same tilbodet, blir det no obligatorisk for alle å tilby opplæring etter denne læreplanen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Elever i vidaregåande kan velje å følgje læreplanen dersom dei har enkeltvedtak om særskild språkopplæring og har kortare enn seks års butid på tidspunktet for eksamen. Også elevar som har lengre butid, men som har fått utvida opplæringstid i vidaregåande opplæring, kan følgje læreplanen. Det nye kravet om butid gjeld butid i opplæringspliktig alder.

- For elevar som har budd kort tid i Noreg er tidleg innsats i form av språkopplæring spesielt viktig. Derfor har vi også endra tidspunktet for når kravet om butid skal gjelde frå. Målet er at denne endringa skal få fleire til å lukkast i skulen, seier Røe Isaksen.

Opnar for at vaksne kan bruke planen

Det blir no opna for at også vaksne kan velje å følgje læreplanen. Vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring kan følgje læreplanen dersom dei har eit anna morsmål enn norsk og samisk og har vedtak om særskild språkopplæring.

- Denne læreplanen vil vere eit godt verkty for å gi ei betre norskopplæring også for vaksne, og eg er derfor fornøgd med at vi har funne ei løysing slik at også vaksne kan ta læreplanen i bruk, seier Røe Isaksen.

Privatistar kan ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, dersom dei har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk, og har kortare enn seks års butid på det tidspunktet dei tek eksamen fyrste gong. Frå år 2021 blir det også eit krav at privatisten ikkje tidlegare har fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk.

Den nye læreplanen tok til å gjelde frå 14. august 2017.

Læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg -vidaregåande opplæring