Historisk arkiv

Ny levekårsundersøking blant innvandrarar frå tolv land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

SSB har fått i oppdrag frå BLD å lage ei ny levekårsundersøking blant innvandrarar frå tolv land. Den skal etter planen vere ferdig i 2017.

Statistisk sentralbyrå og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har teikna under ei kontrakt om å lage ei ny, brei levekårsundersøking blant innvandrarar med bakgrunn frå tolv land. Desse landa er Polen, Tyrkia, Bosnia-Herzegovina, Kosovo, Somalia, Sri Lanka, Vietnam, Irak, Iran, Pakistan, Afghanistan og Eritrea. 

Undersøkinga skal legge grunnlaget for å samanlikne levekåra blant innvandrarar med levekåra i befolkninga elles, og med levekåra til innvandrarar sidan førre undersøking. Intervjua skal gjennomførast i perioden november 2015 til juni 2016. Ein rapport som oppsummerer dei sentrale funna skal etter planen vere ferdig i løpet av våren 2017.

Dei som får førespurnad om intervju må ha budd i Noreg i minst to år og vere i alderen 16-74 år. Også eit utval norskfødde med innvandrarforeldre med bakgrunn fra Pakistan, Tyrkia, Sri Lanka og Vietnam i alderen 16-39 år vil få førespurnad om intervju.

Her kan du lese om den førre undersøkinga: Levekår blant innvandrarar i Noreg 2005/2006.