Historisk arkiv

Ny lov om næringsberedskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa foreslår ei ny lov om næringsberedskap for Stortinget. Ho skal sikre tilgongen til varer og tenester ved kriser, og bygger på eit nært samarbeid mellom myndigheitene og næringslivet.

Regjeringa foreslår ei ny lov om næringsberedskap for Stortinget. Ho skal sikre tilgongen til varer og tenester ved kriser, og bygger på eit nært samarbeid mellom myndigheitene og næringslivet.

Den nye lova kjem i staden for forsyningslova av 1956. Ho var ein av berebjelkane for det sivile beredskapsarbeidet under den kalde krigen.
 
- No har nærings- og samfunnsutviklinga ført til at det er naudsynt med nye løysingar for å være førebudd på moglege kriser med følgjer for tilgongen til varer og tenester. Lova legg til rette for ein beredskap som er meir tilpassa vår tid, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Den nye lova
- legg klarare vekt på samarbeid med næringslivet
- nyttar den eksisterande organiseringa og infrastrukturen
- kan nyttast i eit breitt spekter av kriser
- omfattar både beredskapsførebuingar og gjennomføring av tiltak
- opnar i stor grad for ein verkemiddelbruk tilpasset situasjonen

- Vi har god erfaring med både frivillig og lovfastsett samarbeid med næringslivet under kriser. Seinast under pandemiførebuingane i fjor hadde vi eit tett samarbeid med mellom andre matvaredistributørane. Den nye lova vil gjere rammevilkåra for næringsdrivande meir oversiktlege i slike situasjonar, seier Giske.

Pressekonferanse om ny lov om næringsberedskap