Historisk arkiv

Brukerstyrt innovasjonsarena (BIA):

Ny næringsforsking for 1,5 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa har auka støtta til Forskingsrådet sitt største næringsretta program. 75 nye prosjekt for til saman 1,5 milliardar kroner har kome gjennom nålauget.

- Norsk næringsliv må førebu seg på omstilling og få fleire bein å stå på. Ny næringsforsking for 1,5 milliardar kroner viser at det er mange gode søknader frå norske bedrifter. Dette gir grunn til å vere optimistisk på vegne av næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for meir forsking i næringslivet. I 2015-budsjettet styrka derfor regjeringa programmet Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 70 millionar kroner. Brukarstyrt innovasjonsarena er Forskingsrådet sitt største næringsretta program.

I år har dei vurdert 136 søknader om innovasjonsretta forsking. 75 nådde opp i konkurransen og vil få støtte på til saman 623 millionar kroner. For kvar offentlege krone som kjem gjennom dette programmet, bidreg næringslivet sjølv med nesten det doble. Totalt femner dei nye prosjekta om forsking og utvikling for rundt 1,5 milliardar kroner.

– Investeringar i forsking og utvikling er viktig for konkurransekrafta i næringslivet og kan hjelpe til for eit grønt skifte. Desse prosjekta vil bety mykje for verdiskaping og omstilling hos bedriftene, seier Mæland.

Les hvem som har fått BIA-penger her (pdf).

Illustrasjon: Forskningsrådet

Om lag ein tredel av søkjarane som nådde opp er bedrifter som ikkje tidlegare har fått støtte frå Forskingsrådet.

– Det er bra at så mange nye bedrifter er med i konkurransen om desse pengane. Eg ønskjer at endå fleire norske bedrifter hevar ambisjonsnivået for si eiga forsking og deltek i ambisiøse og spennande forskingsprosjekt, seier Mæland.

Les mer på Forskningsrådets nettsider.

Prosjekt som gjeld helse, medisinsk teknologi og grønt skifte i norsk næringsliv er særleg godt representert blant dei som nå får støtte.

– Her ser vi konturane av eit nytt, omstillingsvilleg og nysgjerrig næringsliv. Forskingsrådet sitt BIA-program er eit vidtrekkande tilbod til små og store innovative bedrifter. Prosjekta kjem frå mange ulike bransjar og temaa spenner breitt, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén.

Listen med tildelinger blir lagt ut i løpet av dagen.

Fakta om Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA)

  • BIA er eit av Forskingsrådet sine største program.
  • Finansierer innovasjonsretta forskingsprosjekt som skal gje høg verdiskaping både for bedriftene som deltek og for samfunnet.
  • Prosjekta er initierte av næringslivet, og drivkrafta ligg i bedriftene sine eigne strategiar og behov.
  • Nærare 50 prosent av FoU-investeringane er frå bedrifter som har BIA som einaste finansieringskjelde for prosjekta sine. Det er berre dei aller beste prosjekta som får støtte.

Se hva pengene går til her (pdf).

Illustrasjon: Forskningsrådet