Historisk arkiv

Ny Nasjonal transportplan: Samferdselsministeren får innspel frå Buskerud, Vestfold og Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Representantar frå næringslivet over heile landet har kome med innspel til ny Nasjonal transportplan. På møtet i Tønsberg skal eg få idear og synspunkt om korleis vi kan bidra til å gjere transportsystema i Buskerud, Vestfold og Telemark best mogleg. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen, som skal leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han måndag 6. mai reiser til Vestfold og Buskerud. På programmet står mellom anna det eit innspelsmøte i Tønsberg for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. Møtet med næringsliv og politikarar frå Buskerud, Vestfold og Telemark er det niande og siste på turneen.

- Heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, auka vedlikehaldsinnsats og ein meir miljøvennleg bruk av infrastrukturen er viktige stikkord for ny Nasjonal transportplan. Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet. Det er difor særleg viktig at næringsliv og politikarar i dei ulike regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet, seier samferdselsministeren. 

Program for samferdselsministeren
På turen 6. juni har samferdselsministeren følgjande program:  

10.30-11.30: Vitjing på trafikkstasjonen i Tønsberg, Åshaugveien 31, 3170 Sem.

12.00-15.00:Innspels- og høyringsmøte i regi av NHO om NTP 2018-2029, Quality Hotel Klubben, Nedre Langgate 49, Tønsberg.  

16.00-17.00: Synfaring i Kongsberg Teknologipark, med vekt på samferdselsbehov og -utfordringar for næringslivet i Kongsberg-regionen, Kirkegårdsveien 45, Kongsberg

17.30-19.00: Folkemøte om samferdsel m.m. på Magasinet, Kongsberg sentrum  

Journalistar og fotografar er velkomne til å delta. Pressekontakt for samferdselsministeren på turen er Edvard Andersen, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet, tlf.: 905 11 667, e-post: edvard.andersen@sd.dep.no.

 
For fleire opplysningar – sjå:

Følg debatten om NTP på Twitter: #transportplan og #ntp

Send oss gjerne innspel på Facebook