Historisk arkiv

Ny nettløysning gir meir informasjon om elgjakta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statskog har utvikla ein kartbasert nettløysing kalt Elgbørs, som lar jegerar rapportere informasjon om kva slags dyr dei har skutt og kva slaktevekta er. Nettløysninga fungerer på mobilen, og brukaren kan zoome seg ned til ulike stadar frå Noregskartet.

Jegerane må rapportere seinast eit døgn etter at dei har skutt eit dyr. Statskog sin erfaring er at jegerane rapporterer inn korrekt informasjon. Den kartbaserte nettløysninga er tilgjengeleg for alle, og gjer det mogleg å sjå kva slags dyr som er skutt i områda ein ferdes.