Historisk arkiv

Ny norsk pæresort erobrar verda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Den nye, norskforedla pæresorten Celina tek stadig nye marknader internasjonalt. – Pæresorten Celina ser ut til å bli ein av dei største nyvinningane innan internasjonal pæredyrking dei siste 100 år. Og det er Graminor og Njøs frukt- og bærsenter i Leikanger som står bak suksessen, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Frøet vart unnfanga på Balsgård i Sverige, men sidan har heile livshistoria og foredlinga vore knytt til Graminor si foredling i Njøs frukt- og bærsenter. Etter omfattande prøving i mange land, fekk sorten namn i 2010, og internasjonalt vert nå pærene selde som QTee®. Celina vert nå dyrka kommersielt i 11 land - mest i Europa, men også i Sør-Afrika og Australia, medan den enno er på forsøksstadiet i USA og Chile.

Kvart år møtest dei kommersielle aktørane frå alle verdsdeler og utvekslar erfaringar om sorten i samband med den store Fruit logistica messa i Berlin, og den norske foredlaren bidreg med resultat frå norske forsøk og norsk produksjon. Det er nå planta over 1 mill tre på verdsbasis. I Noreg er no Celina den viktigaste pæresorten med 45.000 planta tre i 2020.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad tek seg gjerne ei Celina-pære.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad tek seg gjerne ei Celina-pære. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Nytt eple med raudt fruktkjøt

Eitt nytt eple med raudt fruktkjøt bar frukt for første gong i haust i frøplantefelta til Graminor på Njøs. Eplesorten vil eigne seg godt oppskore i salatar, som mateple og til å lage rosa juice og sider. Ein viktig eigenskap er at den ikkje blir brunfarga etter gjennomskjering. Den raude fargen er henta frå morsorten ‘Pink Pearl’, ein amerikansk sort med rosa fruktkjøtt.

Som ein del av si sortsutvikling i eple har Graminor i 20 år arbeidd med å få fram gode sortar med raudt fruktkjøt. Sorten "Tiara" vart lansert i 2013, men den har mykje lysere rosa kjøtfarge og er på langt nær så godt gjennomfarga som denne svært lovande nye seleksjonen.

Eplet har fruktkjøtt som er gjennomfarga raudt, og ser ut til å kombinere dette med god fruktstorleik og avling.
Eplet har fruktkjøtt som er gjennomfarga raudt, og ser ut til å kombinere dette med god fruktstorleik og avling. Foto: Landbruks- og matdepartementet