Historisk arkiv

Ny offentleglov med forskrift tek til å gjelde 1. januar 2009

Regjeringa har fastsett ei forskrift til den nye offentleglova. Lova og forskrifta skal gjelde frå 1. januar 2009. Justisdepartementet har no lagt ut ein førebels versjon av den nye Rettleiaren til offentleglova.

Regjeringa har i statsråd i dag fastsett ei forskrift til den nye offentleglova. Lova og forskrifta skal gjelde frå 1. januar 2009. – Eit av grunnprinsippa i vårt demokrati er at innbyggjarane har rett til innsyn i saksdokumenta i offentleg verksemd, seier justisminister Knut Storberget.

– Det er viktig å styrkje innsynsretten, mellom anna for å sikre ei breiast mogleg deltaking i demokratiske prosessar. Difor er eg svært nøgd med at den nye offentleglova, som styrkar innsynsretten, no kan setjast i verk.

Den nye offentleglova styrkjer retten til innsyn i offentleg verksemd i vesentleg grad i høve til dagens lov. Verkeområdet blir utvida slik at hovudregelen vil vere at sjølvstendige rettssubjekt som det offentlege har ein dominerande innverknad på gjennom eigardel, eller rett til å utpeike medlemmer i dei styrande organa i, blir omfatta av lova.

Høvet til å gjere unntak frå innsyn blir mindre ved at unntaksvilkåra blir strengare. Det kan krevjast innsyn i fleire former for informasjon enn etter gjeldande lov. Under saksbehandlinga av innsynskrav får dei som krev innsyn no ei sterkare stilling, mellom anna ved at plikta til å gi grunngiving ved avslag på krav om innsyn blir styrka: Ein offentleg verksemd kan ikkje lenger gi avslag på eit innsynskrav utan å forklare kvifor.

Offentlegforskrifta inneheld mellom anna nærare føresegner om avgrensinga av verkeområdet til lova i høve til sjølvstendige rettssubjekt, reglar om høve til å ta betaling for innsyn, reglar som presiserar innsynsretten og retten til kopiar.

Den nye lova vil innebere at journalane til ei rekkje organ blir tilgjengelege på internett på ein eigen portal (Offentleg elektronisk postjournal). Dette styrkjer offentlegprinsippet i høve til dagens situasjon. Dei nærare reglane om dette står i forskrifta.

På grunn av at dei tekniske løysingane må ferdigutviklast og nye rutinar må på plass, vil ikkje Offentleg elektronisk postjournal kome på plass samstundes med iverksetjinga av lova og forskrifta elles. Dette vil likevel vere på plass i laupet av 2009. Dagens elektroniske postjournal, som pressa har tilgang til, vil bli oppretthalde til den nye ordninga er på plass.

Dei problema som kan oppstå med omsyn til personvern og faren for bygging av personprofilar når journalar blir gjorde ålment tilgjengelege på internett, blir avhjelpte gjennom at det blir innført visse avgrensingar i søkje­moglegheitene for dei journalane som er omfatta av den obligatoriske ordninga. Når det gjeld journalar som blir gjorde tilgjengelege på internett av organ som ikkje er omfatta av den obligatoriske ordninga, vil regjeringa i nær framtid kome attende til eigna tiltak for ivaretaking av personvernomsyn i samband med faren for bygging av personprofilar basert på slike journalar.

Aktuelle lenkar:

Ein førebels versjon av den nye Rettleiaren til offentleglova finst her. Denne rettleiaren vil det bli arbeidd noko meir med før han snart blir trykt. Versjonen som ligg her, vil bli erstatta av den endelege versjonen så snart denne er klar.

Nedafor finst noko kurs- og føredragsmateriale som medarbeidarer i Justisdepartementet har brukt i informasjons- og opplæringsverksemd om lova. Dette kan brukast fritt og arbeidast vidare med av alle som ynskjer det.

Halvdags kursopplegg: Last ned Powerpoint-presentasjonen her. Last ned presentasjonen i pdf-format her.
Seminaropplegg: Last ned Powerpoint-presentasjonen her. Last ned presentasjonen i pdf-format her.

Kontaktpersonar: Lovrådgivar Magnus Hauge Greaker, tlf. 22 24 53 87 og fyrstekonsulent Ole Knut Løstegaard, tlf. 22 24 53 39