Ny ordning for gardssal av alkoholhaldig drikk – opning av fyrste utsalsstad

I dag trer endringar i alkoholloven i kraft som gjer det mogleg for produsentar å selje einskilde eigenproduserte produkt over 4,7 prosent. Fyste produsent ut er Egge Gård i Lier, og landbruks- og matminister Jon Georg Dale var til stades for å markere denne hendinga.

– Endringa i alkohollova som no trer i kraft, gjer at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Bonden får fleire bein å stå på og det gjer grunnlag for å skape nye arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Det lokale reiselivet vil dra fordelar av endringa og det det vil ha ein positiv verknad på omsetninga av lokal mat og drikke. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale åpna i dag fyrste utsalsstad for gardssal av alkoholhaldig drikke på Egge Gård, saman med eigar av Egge Gård, Marius Egge.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale åpna i dag fyrste utsalsstad for gardssal av alkoholhaldig drikke på Egge Gård. Her saman med eigar av Egge Gård, Marius Egge. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Ordninga gjeld berre produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, til dømes eplesider og pæresider. Det blir mogleg for små produsentar, til dømes bønder, å selje desse produkta som ei attåtnæring. Produkt som brennevin, øl og vin som er laga av druer vert ikkje omfatta av ordninga. Desse produkta kan fortsatt berre seljast frå Vinmonopolet.

Den som ynskjer å selje sine produkt etter den nye ordninga, må søke kommunen om løyve.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var første kunde då Marius Egge opna sit gardsutsalg på Egge Gård i Lier.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var første kunde då Marius Egge opna sitt gardsutsalg på Egge Gård i Lier. Foto: Landbruks- og matdepartementet