Historisk arkiv

Ny ordning for skipsfinansiering på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

I statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa ei ny låne- og garantiordning for kjøp av skip frå norske verft, når desse skipa skal brukast i Noreg. Nå er lovendringa på høyring.

Ordninga vil inkludere til dømes ferjer, fiskebåtar, brønnbåtar og hurtigbåtar. Ordninga skal forvaltast av Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt Noreg, og vil vere ein mellomsbels ordning i tre år som skal evaluerast.

Formålet med den nye ordninga er å bidra til at reiarane i Noreg får finansiering på marknadsmessige vilkår. Ordninga vil kunne bidra til å skape økt aktivitet i verfta og til at kompetansen blir i Noreg.

Dersom Stortingets samtykker, tas det sikte på at ordninga for GIEKs del vil tre i kraft 1. januar 2018. For at den mellombelse ordninga skal kunne implementerast hos Eksportkreditt Noreg må det gjerast  endringar i lov 22. juni 2012 nr. 57 om Eksportkreditt Noreg AS (eksportkredittloven) og Forskrift om eksportkredittordninga. Endringane er nå på offentlig høyring, med frist for innspel 7. februar.

Vevsia for høyringa finn du her